Nyhende
Publisert 20.08.2019

Samarbeidsrådet Aurland-Vik-Voss har forvalta fondsmidlar til næringsutvikling, løyvd av Hordaland og Sogn og Fjordane Fylkeskommunar. Då det ikkje lenger vert tilført nye midlar til fondet, vert no attståande midlar lyst ut til nye prosjekt.

RNF skal medverka til å løysa ut verdiskapingspotensialet i Aurland-Vik-Voss region ved å leggja til rette for og gje støtte til næringsutvikling og etablerartiltak i regionen med hovudvekt på landbruk, reiseliv og kultur. Søknaden skal innehalda overordna budsjett, samla finansieringsplan og tidsperspektiv. Investeringar i bygg/faste installasjonar og ordinær drift vert ikkje støtta.

Sjå ellers retningslinjer for bruk av fondet (PDF, 82 kB), eller kontakt samarbeidsrådet sin faste sekretær på e-post: gunnhild.utkvitne@voss.kommune.no.

Frist for innsending av skriftleg søknad er 20. september 2019.

Søknaden skal stilast til: Aurland-Vik-Voss samarbeidsråd v/ Gunnhild Utkvitne og sendast elektronisk til postmottak@voss.kommune.no.

Tildeling frå fondet vert gjort i møte i Samarbeidsrådet hausten 2019.

Publisert 12.08.2019

Førehandsrøystinga startar innanriks måndag 12. august og held fram til og med fredag 6. september. 

Stader og tidsrom for førehandsrøysting

Hugs å ta med deg valkort og legitimasjon med bilete.

Publisert 09.08.2019

Grunnskulane i Voss kommune startar det nye skuleåret måndag 19. august.

Publisert 06.08.2019

På bakgrunn av hendingane i Jordalen måndag, oppmodar Voss kommune folk som ferdast om å vera varsame med ferdsel i rasutsette område. NVE har gjennom tenesta varsom.no sett farenivået for jord- og flaumskredfare til gult nivå. Oppmodinga er å halda seg unna bratte skråningar, og bekkar og elveløp med stor vassføring. 

Følg situasjonen her: https://varsom.no/flom-og-jordskredvarsling/varsel/Hordaland/Voss

 

Publisert 06.08.2019

Politiet har stengt vegen frå Nåsen og vidare inn mot dei skredråka stølsområda etter råd frå geolog.

Det er ikkje tilrådeleg å starta noko form for arbeid i området før veret har betra seg. Utbetring og reinsking av vegen blir tatt hand om av det private veglaget.

Området som er råka, har ikkje fast busetnad. Alle som vart evakuerte, vart henta ut frå stølsområde.

Området som vart råka ligg i grensa mellom Voss, Aurland og Vik, og dei tre kommunane samarbeider om det vidare arbeidet.

Publisert 12.07.2019

Etter kvart har rundballar vorte den mest nytta metoden for konservering av grovfôr, det gjev godt fôr og er enkelt å transportere frå dei ulike areala og til gards. Ulempa er at det vert mykje plastavfall. Rundballar skal også plasserast slik at det ikkje fører til ureining av vassdrag, fare for trafikken eller unødig skjemming av kulturlandskapet.

Fann du det du leita etter?