Nyhende
Publisert 08.04.2019

 

NAV Voss informerar om at det no er mogleg å søkja om sosialstønad digitalt. 
Det er sjølvsagt mogleg å levera inn søknad i papirform for dei som ynskjer det. 

Meir om økonomisk sosialhjelp, samt søknadsskjema finn du her.
For hjelp til innlogging for å søkja digitalt, sjå Mal for å søkje elektronisk (PPTX, 651 kB).

Publisert 05.04.2019

Detaljreguleringsplan for Evanger stasjon - høyring og offentleg ettersyn med høyringsfrist 27.05.2019

Formannskap/plan og økonomi vedtok i møte 04.04.19, sak 6/19, å legge detaljreguleringsplan for Evanger stasjon ut til offentleg ettersyn. Dokument i plansak er tilgjengeleg på Servicetorget i Tinghuset, og i planregisteret, planident 2018002. 

Eventuelle merknader til planforslaget må sendast skriftleg innan den 27.05.2019 til Voss kommune, postboks 145, 5701 Voss, eller på e-post: postmottak@voss.kommune.no

 

Publisert 03.04.2019

Voss kommune arrangerer kurs i kompostering på gardsnivå. Korleis få husdyrgjødsel, fôrrestar og anna organisk avfall frå garden til å verte ein verdifull ressurs som bidrar til oppbygging av jordfruktbarheit i matjorda.

del I: teoretisk del på Tinghuset, Voss tysdag 9.april kl. 10.00 til 14.00

Kurset gjev grunnleggande teori og praksis om kompostering på gardsnivå

Påmelding snarast til Voss kommune v/ kari.mostad@voss.kommune.no

Målgruppe er bønder, men kurset er ope for alle interesserte og gratis. Kurset er ein del av Voss kommune sitt arbeid med karbonlagring og jordfruktbarheit.

Publisert 01.04.2019
Voss ønskjer å heidra Sjur for fantastisk VM-innsats. Sjur kjem, kjem du? Møt opp på torget onsdag 3. april klokka 18!
Publisert 29.03.2019

Fagmøte om jordhelse som Voss kommune m.fl arrangerer 2.april på Voss vgs "jordbruksskulen" har framleis ledig plass!

Påmelding i løpet av 1.april til marte@okologisknorge.no

Publisert 28.03.2019

Voss kommune sin offentlege postjournal for dei siste tre månadane er mellombels ikkje tilgjengeleg på heimesidene til kommunen.

Grunnen er at det dei siste dagane er avdekka nokre tilfelle av at opplysningar som skulle vore skjerma for innsyn har vore tilgjengelege i den offentlege postjournalen.

For å sikra at eventuelle personopplysningar ikkje kjem på avvege, tek Voss kommune ned postlista på heimesida, og kvalitetssikrar at opplysingar som skal vera skjerma, faktisk er det. Det er avgjerande for tilliten at innbyggjarane er trygge på at Voss kommune handsamar personopplysningane på ein god og forsvarleg måte.

Voss kommune beklagar dersom opplysningar som skulle vore skjerma, er publisert. Å mellombels ta ned postlista er gjort som eit førebyggjande tiltak for å avdekka eventuelle feil, og retta dette.

Det har den siste tida vore ei stor auke i dokument som skal gjennom dokumentsenteret. Dette kjem av eit større arbeid i samband med at Voss kommune sitt arkiv skal avsluttast, og nytt arkiv skal på plass for Voss herad.

Voss kommune journalfører post, og vil ha tilgjengeleg postjournal fortløpande, men mellombels vil ikkje postjournalen frå dei siste tre månadane vera tilgjengeleg på nett.

 

Fann du det du leita etter?