Nyhende
Publisert 14.09.2019

NVE har utvida oransje flaumvarsel til også å gjelda Hordaland søndag. Det er mest midtre og indre strøk som er utsett. Ifylgje melding frå fylkesberedskapssjefen er det framleis usikkerheit knytt til både temperatur og nedbørsutviklinga. 

Det er frå før oransje nivå på varsel om jordskred i vårt distrikt. Oransje nivå gjeld for både flaum og jordskred frå søndag. Faren er meldt å auka frå laurdag kveld.

Det er meldt store nedbørsmengder laurdag og sundag. Det er også varsla kraftig vind.

Voss kommune fylgjer situasjonen og ber innbyggjarane om å sjekka kummar og andre vassvegar slik at vatnet renn uhindra. Voss kommune oppmodar òg folk om å ta forholdsreglar og å vera varsame med å ferdast i rasutsette område.

Hald deg oppdatert på nettstaden Varsom.no

Publisert 13.09.2019

Det er meldt opp mot 100 mm nedbør frå seint laurdag ettermiddag til seint søndag ettemiddag. NVE varslar om oransje varsel for jord – og flaumskred, gult varsel for flaum, regn og vind.

Kommunen fylgjer situasjonen og ber innbyggjarane om å sjekka kummar og andre vassvegar slik at vatnet renn uhindra. Voss kommune oppmodar òg folk om å ta forholdsreglar og å vera varsame med å ferdast i rasutsette område.

For meir informasjon følg situasjonen her: YR, NVE varsel

 

 

Publisert 11.09.2019

Tilskot til utsiktsrydding vert avvikla ved nyttår. Det står att om lag 1 mill. kroner til fordeling til føretak i Hordaland og Sogn og Fjordane. Innsendingsfristen til Fylkesmannen er 1. oktober, og søknader med beiting etter utført rydding vil bli prioriterte.

Publisert 11.09.2019

Hausten 2019 vil NAV Voss vera stengt fylgjande dagar:

  • 4. september
  • 5. september
  • 11.september
  • 15.oktober
  • 6.november
Publisert 10.09.2019

Valresultatet er no klart, les meir på voss.herad.no

Publisert 09.09.2019

Utval for miljø og kultur (MKU) tek sikte på å fordela kommunale kulturmidlar til i desember-møtet. Dette blir hovudfordelinga i 2019 til kulturminnevern og kulturbygg.

Søknadsskjema 

Retningslinjer for tideling av kommunale kulturtilskot

Søknadsfrist 1. oktober 2019.

Fann du det du leita etter?