29 millionar til omsorgsbustader på Vetleflaten, Udlabutomta

Klikk for stort bileteModell laga av Bruket Arkitektur AS

Voss kommune har fått inntil 29.040.000 kroner i investeringstilskot til bygging av 20 omsorgsbustader på Udlabutomta på Vetleflaten. Investeringstilskotet kjem frå Husbanken.

Omsorgsbustader på Udlabutomta  har vore ynskjeleg i lang tid, og no blir prosjektet realisert. Med investeringstilskotet på plass, startar prosjekteringsarbeidet. Planlagt byggjestart er til hausten, med ferdigstilling til årsskiftet 2020-2021.

Omsorgsbustadane er i hovudsak tiltenkt eldre i Voss kommune, med ulike grunnar for omsorgsbehov. Dei 20 omsorgsbustadane i prosjektet er delt mellom tolv husvære i to ulike bufellesskap, og åtte sjølvstendige husvære.

Voss kommune sin prosjektleiar for utbygginga er Stian Reime.

Fann du det du leita etter?