Nyhende
Publisert 25.06.2019

Fredag 28.juni kl.17.30-19.00 er det ekstremjobbmesse på Voss.

Jobbmessa er eit lavterskeltilbod, og ein open invitasjon til alle om å få informasjon knytt til yrkeslivet på Voss. Gjennom stands og presentasjonar, samtalar og latter, får du informasjon om ledige stillingar, tips om korleis du kan finne buplass, og informasjon om kva Voss tilbyr innbyggjarar utanfor arbeidstid. 

Les meir om Ekstremjobbmessa på Voss 2019 (PDF, 823 kB)

Publisert 25.06.2019

Valstyret har godkjend vallister frå 9 parti til kommunestyrevalet.
Listene kan du sjå på vossherad.no

Publisert 21.06.2019

Formannskap/plan og økonomi (FPL) vedtok i møte 13.06.19 i sak 16/19 å leggje ut desse 3 nye adressenamna til offentleg høyring: Eideshagevegen, Seimsgrendvegen og Nesheimsbrekkene.
Dokumenta i saka finn du under, samt i Servicetorget på Tinghuset.

Meldingsbrev - Adressenamn til offentleg høyring (PDF, 108 kB)
Saksutskrift - Nye adressenamn i Voss kommune (PDF, 313 kB)
1. Vedtak frå Fellesnemnda - Adressenamn som skal behandlast og kva adresser som må ha nye namn (PDF, 579 kB)
2. Meldingsbrev til berørte partar og kunngjeringsannonse for å få innspel  (PDF, 4 MB)
3. Innkomne merknadar frå aktuelle partar til tidlegare utsendt forslag (PDF, 562 kB)
4. Tilråding frå Stadnamnstenesta dat. 23.04.2019 (PDF, 450 kB)
5. Kart med nytt forslag - Eideshagevegen, Seimsgrendvegen, Nesheimsbrekkene (PDF, 4 MB)

Høyringsfrist er 01.08.19.

Innspel må sendast skriftleg innan den 01.08.19 til postmottak@voss.kommune.no, eller per post til Voss kommune, postboks 145, 5701 Voss.

Publisert 21.06.2019

Klage på FPL vedtak i sak 87/18 som gjeld tomt 92, gnr 55 bnr 70 er tatt til følgje.

Klage som gjeld oppheving av vedtak i sak 87/18 i sin heilheit, gjennomføring av endringa gjennom ein ordinær planprosess, og oppsetjande verknad, er ikkje imøtekome.

Dokument i overnemde plansaka er utlagt i Servicetorget i Tinghuset på Voss, og er tilgjengeleg i planregisteret, planid 2015003. 

Publisert 21.06.2019

Fastsett planprogram for detaljreguleringsplan for Skjervheimsøyna, grunnvassanlegg og kloakkreinseanlegg. 

I samsvar med § 12-9 i plan- og bygningslova har Formannskap, plan og økonomi i møte 13.06.19, sak 14/19, fastsett planprogram for detaljreguleringsplan for Skjervheimsøyna, planid 2018003, datert 31.05.2019, signert Cowi AS.

Planprogrammet vert lagt til grunn for vidare planprosess.

Publisert 18.06.2019

Voss Frivilligsentral held feriestengt frå 15.juli-11.august. 
Det er ingen aktivitet i regi av sentralen i denne perioden. 

Voss Frivilligsentral startar opp igjen som normalt 12.august. 

Fann du det du leita etter?