Varsling - oppstart av reguleringsendring for del av Voss Næringspark Istad, forenkla prosess

I samsvar med plan- og bygningslova §§ 12-8 og 12-14  vert det varsla om reguleringsendring for gnr. 173, bnr. 29 i Voss Næringspark på Istadmyrane, etter forenkla prosess (planid 2010014). Føremålet er å endra område B2, frå bustadføremål til område for forretning/kontor/industri, i samsvar med omkringliggjande føremål. Norconsult AS utarbeider planforslaget på vegne av forslagsstillar Voss Bilhjelp AS.

Vedlegg:
Varsel om reguleringsendring for del av Voss Næringspark på Istadmyrane, forenkla prosess (PDF, 952 kB)
Forslag til endra føresegner (PDF, 226 kB)
Kart med endring (PDF, 5 MB)

Sjå resten av plandokumenta i planregisteret, planid 2010014

Frist for innspel er sett til 08.11.2019, og kan sendast til Norconsult AS, Skulegata 11A, 5700 Voss, eller på E-post: astrid.rongen@norconsult.com.