Skulestart 2019/2020

Grunnskulane i Voss kommune startar det nye skuleåret måndag 19. august.

Elevane møter slik:

Bjørgum skule: 1. klasse møter kl. 08.45. 2.-7. klasse møter kl. 08.30. SFO kl. 7.30-8.30 og 13.45-16.15.

Bulken skule:  Alle elevar møter kl. 08.30. SFO kl. 07.30 - 08.30 og 13.45-16.15.

Evanger skule: Alle elevar møter kl. 08.15. SFO kl. 7.30 – 8.15 og 13.40-16.15.

Gjernes skule: Alle elevar møter kl. 08.30. Skulebuss frå Helland kl. 08.03. SFO kl. 7.45-8.30 og 13.45-16.15.

Gullfjordungen skule: 1. klasse møter kl 09.00. 2.-7. klasse møter kl 08.30. SFO frå kl. 7.30. SFO stengjer kl. 16.00.

Palmafossen skule: 1. klasse møter kl. 9.00. 2.-7. klasse  møter kl. 8.30. SFO kl. 7.30-8.30 og kl. 13.45-16.15.

Skulestad skule:  Alle elevane møter kl. 08.30. SFO frå kl. 07.30. SFO stengjer kl. 16.15
Vossestrand barne- og ungdomsskule: Alle elevar møter kl. 08.15. SFO 07.45-08.15 og 13.45-16.30.

Vangen skule: 1. klasse møter kl 9.00. 2.-6. klasse møter kl. 08.45. SFO frå kl. 07.45. SFO stengjer kl. 16.15. 7. klasse reiser på leirskule og reiser 09.15 frå idrettshallen. Sjå elles eige skriv.

Voss ungdomsskule: Alle elevar møter 8.40 i Voss idrettshall.

Voss Vaksenopplæring: Oppstart måndag 19. august kl. 08.35. Norskkurs for arbeidsinnvandrarar og andre byrjar onsdag 21. august kl. 18.00

Voss kommune ønskjer elevar, føresette og tilsette velkomne til eit nytt skuleår!