Orientering frå Voss herad: Innmelding av elevar til 1. klasse 2020/2021 i Vossaskulen

15. til 17. november 2019 går det ut skriv til alle føresette som har born som skal starta i 1.klasse i 2020. Brevet er ei orientering om kva skule barnet har fått reservert plass ved. Dersom de ikkje mottek brev, tek de kontakt med kommunen.

Elevane til Granvin barne- og ungdomsskule har innmelding direkte til skulen som før.

Velkommen i Vossaskulen.