Kunngjeringar
Publisert 03.05.2019

Som ein del av Voss kommune si satsing på klimatiltak vil kommunen i år tilby gratis lån av 2 EL-syklar (1 herresykkel og 1 damesykkel) i perioden frå 29 april til 1 november.

Syklane kan lånast hjå Sporten Voss i AMFI, inntil 1 veke om gongen.

Det må betalast eit depositum på kr 1000.- pr sykkel ved utlevering.

Publisert 15.03.2019

Voss kommune treng fleire vikarar i barnehage/skule/SFO. Søknadsskjema finn du her. (PDF, 145 kB)

Publisert 12.03.2019

I samsvar med plan- og bygningslova §12-8 vert det med dette varsla om oppstart av arbeid med detaljreguleringsplan for Geilane hyttefelt.

Planarbeidet er tidelgare varsla igangsett (2015), men på grunn av opphald i planarbeidet vert det sendt ut nytt varsel.

 

Varslingsbrev med meir informasjon finn de i Voss kommune sitt planregister søk på planident 2014013.

Publisert 01.03.2019

Det er to søknadsfrister og éin utbetaling av produksjons- og avløsertilskudd per år. 1.mars kan du søke tilskot til husdyr, søknadsfrist er 15.mars. Dyretalet gjev også grunnlag for avløysartilskot 2019.

Søknadsfrist for del 2 av søknaden er 15. oktober, med telledato 1. oktober. Ved del 1 av søknaden er det husdyrprodusenter som kan levere søknad. Ved del 2 kan både husdyr- og planteprodusentar levere søknad.

 

Publisert 01.03.2019

Frå 2010 vert det skrive ut eigedomsskatt i heile kommunen. Kommunestyre har i sak 45/18 vedteke at for 2019 vert skattesatsen for bustad- og fritidseigedommar 3,0 promille utan bruk av botnfrådrag og 7 promille for næringseigedomar.

I medhald av lov om eigedomsskatt av 6. juni 1975 nr. 29 og kommunale vedtekter, er eigedomsskattelista lagt ut til offentleg ettersyn i Servicetorget på Tinghuset i 3 veker frå 28. februar – 22. mars 2019. Eigedomsskattelista finn du også her.

 

Skattebeløpet forfell i 3 ulike terminar slik: 1.termin:  15. mars ,  2. termin:  15. juni og 3 termin 15. oktober.
Klagefrist for 2019 er innan 12.april.

Fann du det du leita etter?