Kunngjeringar
Publisert 02.10.2015

Voss brannvern innførar nye rutinar for varsling av feiing og tilsyn av fyringsanlegg ved hjelp av SMS/talemelding frå og med 01.10.2015.

Publisert 03.09.2015

Det er eit aukande behov for støttekontakt i Voss kommune. Me trenge støtte og treningskontakter for born, unge vaksne og eldre. Me søkjer etter menn og kvinner over 18 år, som har energi til overs til å gi andre ein betre kvardag. Du får godtgjersla, rettleiing og ein verdsatt og innhaldsrik erfaring. Ta kontakt med Elizabeth Bell på elizabeth.bell@voss.kommune.no. Telf:48 01 45 73

Publisert 01.09.2015

Alle kommunar i Noreg har ei legevaktordning for øyeblikkeleg helsehjelp heile døgnet.
Når du ringjer 116 117 kjem du i kontakt med legevaktsentralen i området der du oppheld deg.
Er det akutt og står om liv, ring 113.

 

Fann du det du leita etter?