Sundagsope på Bergslitræet

søndag 9. juni 2019, 13:00 - 16:00

Informasjon

Stiftinga Bergsliminne ynskjer velkomen til ny sommarsesong på Bergslitræet!

 

Etter rehabiliteringa i 2017 har det kome på plass ein liten museumsbutikk/kjøkken, så det er høve til å kjøpa seg kaffi/te og enkel kaffimat. I butikken er det også sal av kort, bøker mm. Betalingsmåte er kontantar og/eller Vipps.

 

I dei to utstillingsromma finn ein informasjon og kopi av bilete av både Knud, Brynjulf og brorsonen Nils Bergslien. Utstillinga av Knud Bergslien sine mest kjende bilete vert i år supplert med biletet «Kong Sverre i snestorm på Vossefjellene». I tillegg ei utstilling av barneteikningar som elevar i 3. klasse frå ulike skular i Voss kommune har levert etter å ha gått Bergsliløypa.

 

Nytt i år er ei utstilling av elevar frå Vaksenopplæringa på Voss med tittelen «Rom for møte». Utstillinga omhandlar både fotos og tekstar og er eit samarbeid mellom Voss Bibliotek, Vaksenopplæringa og Stiftinga Bergsliminne. Det vert høgtideleg opning av utstillinga med kulturelle innslag søndag 3. juni kl 13.00

 

I vår er det arbeidd med hagen og uteområdet. Det er skaffa til veges benkar og steinbord og såleis fleire sitjeplassar utandørs.

 

Gratis tilgjenge

 

Velkomen til tur og kultur i Prestegardsmoen!

Nettstad: https://www.bergslien.net/

Stad

Bergslitræet - Prestegardsmoen
 

Kontakt

Stiftinga Bergsliminne
 

Legg til hendinga i din kalender

Filter

Søk

Filter

Søk