Gråsida Halvmaraton 2019

laurdag 23. mars 2019, 09.00 - 18.00

Informasjon

Er du robust nok til å takla høgfjellet på vinterstid åleine utan sikt?
Har du røynsle frå lange turar på fjellski i høgfjellsterreng?

Bli med på halvmaraton over Gråsida med målgang på Voss!

 

Gråsida er vidkjend for krevjande terreng og stundom brutale vértilhøve. Det er eit stort høgfjellsplatå som skil Voss frå Hardanger. Du vil få motbakkar, dalar, vekslande føre og kvasse utforkøyringar. Her krevst røynsle og fjelldugleik for å gjennomføra.

 

Tida er no inne for å tilby fjellfolk i Noreg ein ekte kappestrid. Velkomen som deltakar på halvmaraton på fjellski over Gråsida. mellom Hardanger og Voss. Hardinglaup markerer starten på ein ny type skirenn i Noreg: dagslanglaup på fjellski i høgfjellet med strenge krav til deltakarar.

 

Gråsida halvmaraton går parallelt og i same trasé som det 52 km lange Hardinglaupet Øystese - Voss same dag.

Nettstad: https://hardanger-aatgaum.ticketco.events/no/nb/e/graasida_halvmaraton_2019

Stad

Gråsida
 

Kontakt

Hardanger åtgaum
 

Legg til hendinga i din kalender

Filter

Søk

Filter

Søk