Håkon Kornstad trio

torsdag 28. februar 2019, 20.00 - 22.00

Informasjon

HÅKON KORNSTAD saksofon, vokal FRODE HALTLI akkordeon MATS EILERTSEN bass

 

I februar 2012 debuterte Håkon Kornstad som tenorsongar i Mozart-operaen «La finta giardiniera». Vel ein månad tidlegare vart han nominert til Spellemann for årets jazzplate. Med prosjektet Tenor Battle kombinerte han desse ulike sjangrane og har dei siste åra viderutvikla en musikalsk stilart han truleg er helt aleine om i verda. Han er inspirert av 78-plateæraen der jazzsvisker lever side om side med opera-ariar, og vakre ballader blir avløst av improviserte strekk.

 

No er han endeleg klar med oppfølgaren til kritikerroste Tenor Battle frå 2015. Tittelen på albumet, Im Treibhaus (I drivhuset) er også tittelen på ein song frå den tyske operakomponisten Richard Wagners syklus Wesendonck-Lieder, og speglar trioens originale sammensetjing av klassisk musikk og jazz. Samen med Frode Haltli på akkordeon og Mats Eilertsen på kontrabass, nytolkar trioen songer og operaariar av blant andre Schubert, Verdi, Grieg, Mascagni og Tosti.

 

«Alt er lov i 2018, så lenge det berører, og det vi gjør i trioen er et slags innspill til hvordan musikkhistorien kan forvaltes videre. Vi kan redigere fritt, og sette sammen fritt, men vi gjør det selvsagt med kjærlighet og respekt for opprinnelsen» – Håkon Kornstad

 

Om «Im treibhaus»:

 

“En musikalsk verdenssensasjon” – Dagens Næringsliv

“Dette drivhus-prosjektet passer godt under juletreet til hele familien” – Morgenbladet

“Coleman Hawkins ville ha nikka anerkjennande til arrangementet på Verdis «Di tu se fedele», og beint fram magisk er tittelkuttet «Im Treibhaus” — Dag & Tid

“Gripende vakkert” – Dagsavisen

 

Pris vaksen: 250

Nettstad: https://vossjazzklubb.ticketco.events/no/nb/e/haakon_kornstad_trio

Stad

Ole Bull Akademiet - Osasalen
 

Kontakt

Voss Jazzklubb
 

Legg til hendinga i din kalender

Filter

Søk

Filter

Søk