Jonas Laupsa / Farandi

onsdag 6. mars 2019, 20:00 - 22:00

Informasjon

Jonas Laupsa

Det unge hardingfeletalentet Jonas Laupsa er den nyaste i ei lang rekke framifrå spelemenn frå Granvin – bygda som Halldor Meland kalla «Spelarhola» grunna den rike folkemusikktradisjonen på staden. Laupsa har gått i lære hjå Leif Rygg, Steinar Rygg, Åse Teigland og Knut Hamre, og har tydlegvis plukka opp eitt og anna hjå desse felemeistrane: Han har delteke i Vestlandskappleiken, Hordamønstring og Landskappleiken med svært gode resultat, og har vorte tildelt stipend som Audhild Moxnes Minnepris 2017 og kulturstipendet til Sparebankstiftinga Hardanger. Vi opnar denne onsdagskvelden med solokonsert med Jonas Laupsa!

 

Farandi

Seks musikarar med fem ulike nasjonalitetar, brakt saman av ein felles kjærleik for folkemusikken. Farandi tek det beste frå Danmark, Finland, Storbritannia, Sverige og Belgia og utforskar musikken sitt fulle potensiale – frå tradisjonelt til kontemporært; frå minimalistisk til symfonisk. Namnet farandi er oldnorsk, og tyder «å reise» eller «å fare» – dette speglar den nordiske reisa bandet er på, som en del av utdanninga Nordic Master in Folk Music. Farandi krysser grenser med ei tru på at folkemusikken sameinar menneska – musikarar, konsertgjengarar og dansarar.

 

Marieke Van Ransbeeck – sekkepiper

Mette Qvist-Jensen – fløyte)

Tommie Black-Roff – trekkspill

Petrus Dillner, Saana Kujala og Einar Zethelius – nøkkelharper

 

Pris vaksen: 150

Aldersgrense: 18

Nettstad: https://osafestivalen.ticketco.events/no/nb/e/jonas_laupsa_solo__farandi

Stad

Tre Brør Kafé og Bar
 

Kontakt

Osafestivalen
 

Legg til hendinga i din kalender

Filter

Søk

Filter

Søk