Håkon Asheim / Gabriel Fliflet & Jorun Marie Kvernberg

tysdag 5. februar 2019, 20.00 - 22.00

Informasjon

Håkon Fredrik Asheim (solo)

Asheim er ein viktig ressurs innan folkemusikkmiljøet på Voss og i Noreg generelt. I tillegg til å arbeide som studieleiar ved Ole Bull Akademiet, er han aktiv som felespelar i Fossegrimen, Voss Spelemannslag, Kvartett Storaas og legendariske Chateau Neuf Spelemannslag. Han er òg ein kunnskapsrik formidlar, og skreiv historia om korleis hardingfela vart eit konsertinstrument i boka Ole Bull og folkemusikken (2010) saman med Gunnar Stubseid. Hardingfelespelet hans har røter i folkemusikktradisjonen frå Valdres, der han har familiebakgrunn.

 

Gabriel Fliflet & Jorun Marie Kvernberg:

Fliflet er ein herleg og kraftfull fargeklatt i i norsk musikkliv. I spelet hans finn ein vendingar frå Hellas så vel som Hardanger – balkansk energi, finsk melankoli og ikkje minst ein unik evne til å smelte dette virvaret saman til ei heilstøypt eining. Jorun Marie Kvernberg frå Romsdal er blant dei aller fremste folkemusikarane i landet, anten det er som del av den priskrona felekvintetten Majorstuen, trioen Tindra, eller som djerv, nyskapande og virtuos soloartist. Saman renn desse to over av speleglede, både i høgspente kraftutladingar og i poetiske nedeparti. Dei følgjer einannan tett, både med underfundige smil og breie glis. Når tida er mogen, bryt dei ut i song.

 

Pris vaksen: 150

Aldersgrense: 18

Nettstad: https://osafestivalen.ticketco.events/no/nb/e/haakon_asheim_solo__gabriel_fliflet__jorun_marie_kvernberg

Stad

Tre Brør Kafé og Bar
 

Kontakt

Osafestivalen
 

Legg til hendinga i din kalender

Filter

Søk

Filter

Søk