Ole Paus - konsert i Myrkdalen

laurdag 9. mars 2019 21.30 - søndag 10. mars 2019 00.00

Informasjon

Me inviterer til ein varm og satirisk visekveld med Ole Paus i trakkemaskingarasjen 9. mars

 

Ole Paus har vel aldri passa tittelen nasjonalskald, til det har han laga for mykje bråk og huskestue dei siste førti-og-nokre år som artist, poet og forfattar. Han har slått oss over fingrane ved eit kvart tilløp til bourgeoisie og sjølvtilfredsheit heilt sidan debuten “Der Ute - Der Inne” (1970), og oppfølgaren, klassikaren “Garman” (1972).

 

Ole Paus er nesten skummelt produktiv; det lar seg ikkje gjere i eit lusent promo-skriv å trekkje fram alt som fortener oppmerksomheit i ein over førti år lang karriere, innbefattande noken-og-tredve plateutgivelser, bøker, teater, film og ein opera-libretto. Når Paus no legg ut på turné blir det heller ikkje lett å plukke eit representativt tverrsnitt, men som han har demonstrert gjennom ¨Hver Gang Vi Møtes”, er det formidlaren Ole Paus me løsar billett for å oppleve.

 

Ole Paus er eit multitalent som norsk songar, gitarist, komponist og forfattar. Me gler oss til ein heilaftan med kjende og gode viser.

Pris vaksen: 400

Nettstad: http://www.vosskulturkalender.no/hending/9739/ole-paus-konsert-i-myrkdalen

Stad

Myrkdalen - Trakkemaskingarasjen
 

Kontakt

Myrkdalen
 

Legg til hendinga i din kalender

Filter

Søk

Filter

Søk