Vestland, Erlend Nødtvedt og Erlend Apneseth

tysdag 25. september 2018 19.00 - onsdag 26. september 2018 00.00

Informasjon

Erlend Nødtvedt og Erlend Apneseth kjem til biblioteket med opplesing og felespel.

To kameratar køyrer Vestlandet rundt i ein gul Toyota. I bagasjerommet ligg hovudskallen til bondeopprørar Anders Lysne, som dei vil føre til Lærdal, der han høyrer heime.

Dette er utgangspunktet for romanen 'Vestlandet'; ein «hysterisk heisatur gjennom språk og landskap» (Marta Nordheim, NRK), som har begeistra bokmeldarar og lesarar landet rundt denne hausten. 

 

Romanen teiknar eit burlesk og regnvått portrett av menneske og landskap i denne opplesingskonserten ved forfattar Erlend O. Nødtvedt og hardingfelespelar Erlend Apneseth.

 

«Vestlandet» er Nødtvedt sin første roman, den har hausta menge godord på liks med dei tre diktsamlingane han har gjeve ut tidlegare.

Apneseth har dei siste åra etablert seg som den kanskje aller mest nyskapande hardingfelespelemannen i landet, og har mellom anna komponert tingingsverk for Førdefestivalen.

Han har også vunne Folkelarm-prisen og vore nominert til Spellemann i open klasse. 

Pris vaksen: 200

Stad

Voss Kulturhus
 

Nettstad: http://www.voss.kulturhus.no

Kontakt

Voss Kulturhus
Evangervegen 6,  5704 Voss

E-post : vosskulturhus@voss.kommune.no

Nettstad http://www.vosskulturhus.no/

Voss Kulturhus

E-post : kino@voss.kommune.no

Legg til hendinga i din kalender

Filter

Søk

Filter

Søk