Næring og landbruk

Herheim, Vossestrand. - Klikk for stort bileteHerheim, Vossestrand. Svein Ulvund

 

 

Næringsavdelinga i kommunen har som mål å vera eit serviceorgan for næringslivet i vid tyding. Avdelinga er sekretæriat for Kraftfondet (NFO). Avdelinga har omfattande forvaltningsoppgåver knytt til ma. fylgjande lover: jordlov, skogbrukslova, odelslov og konsesjonslov.

Til høgre finn du lenker dei ulike avdelingane under næring og landbruk.

 

Siste nyhende:

Ide til markand «Frå idé til marknad» med Innovasjon Norge

Vegen frå idé til marknad startar med å la kundane avgjera om idéen din er god. På samlinga vil du læra korleis du kan gå fram for å testa og videreutvikla idéen din, og korleis Innovasjon Norge kan hjelpa deg på vegen. Dette er eit kurs for deg som vurderer å starte opp eiga verksemd, som er gründer og har nyleg starta opp, eller for deg som har ei etablert verksemd som ein ynskjer å vidareutvikle.

 

 

samarbeid.jpg Slit du med søknad til produksjonstilskotet?

No i innspurten av søknad til produksjonstilskot, del 2, sit ein del med spørsmål til korleis fylle ut søknaden. Næringsavdelinga skiper difor 'ope hus' torsdag 12.oktober kl. 12:00 - 15:00 for støtte til utfylling. Vi har flerie datamaskiner tilgjengelege, men du må gjerne ta med eiga maskin og jobbe på den. Hugs kodebrikka! Velkomen!

 

 

i oktober vert det m.a. søkt om areal- og kulturlandskapstilskot - Klikk for stort bilete

Søk om produksjonstilskot i jordbruket og tilskott til avløysing ved ferie og fritid innan 15.oktober 2017

Frå og med 1.oktober kan du levere del 2 av søknaden om produksjonstilskot i jordbruket. Søknadsfristen er 15.oktober.

 

Verneverdig bygning på Staup Søk SMIL, ny frist 1.oktober

Det er midlar igjen på årets ramme som Voss kommune disponerer til spesielle miljøtiltak i jordbruket - SMIL. Frist for å søkje er 1.oktober

 

 

grøfting (002).JPG Søk dreneringstilskot

Drenering av jordbruksjord er viktig for å betre dei agronomiske tilhøva i jorda og for å redusere utslepp av klimagassar.

 

 

Sau (2).JPG Søk regionalt miljøtilskot

Frist for å søkje Regionalt miljøtilskot (RMP) for føretaka er 20.september.

Fann du det du leitte etter?
 
Login for redigering