Byggesak

Byggesak gjev kunderådgjeving og handsamar bygge-, dele-, utslepps- og seksjoneringssaker.

 

SOMMARTID PÅ BYGGESAK

I juli og ut august er vi ope for kundar tysdag og torsdag frå 09.00 – 15.00, på tinghuset og på tlf. 480 14 584.  

Vi gjer merksam på at det til tider er travelt, så det kan vera kø både på tinghuset og på telefon. Vi rår difor til å nytta e-post: byggsak@voss.kommune.no, ver i så fall venleg og legg att gards- og bruksnummer og kva saka gjeld.

 

Ein kan gjere ein del mindre tiltak på eiga tomt utan søknad til kommunen, jf. plan- og bygningslova § 20-3. For utfyllande opplysningar: Veiledning om byggesak

 

Større tiltak er søknadspliktig, og nokre av desse kan ein søkje om sjølv, jf. plan- og bygningslova § 20-2. For utfyllande opplysningar: Veiledning om byggesak.

 

Søknad om øvrige tiltak må gå via firma med naudsynte ansvarsrettar, jf. plan- og bygningslova § 20-1. I slike saker skal firmaet fylle ut søknaden og ha kontakt med kommunen.

 

Her kan du sjekke kva firma som har sentralgodkjenning:

Byggesak
Fann du det du leitte etter?
 
Login for redigering