Bygg og eigedom

Tinghuset - Klikk for stort bilete

Bygg og eigedomsavdelinga (BOE) har ansvar for drift og vedlikehald av alle kommunale bygningar og forvaltning av kommunalt areal.

Ansvaret gjeld skular, barnehagar, institusjonar, tinghus, kulturhus, idrottshallen, kommunale bustadar, innleigde bustadar, sentralidrettsanlegget, alle sentrumsnære grøntareal/parkanlegg og eigedomsforvaltninga av kommunalt areal.

 

Kven er tenesta for?

BOE skal sørgja for at bygningar med tekniske anlegg vert haldne i stand, slik at bygning/anlegg fungerer, og at tilhøva vert lagt best mogeleg til rette for at verksemda i bygningen/anlegget kan drivast i tråd med føremålet.

BOE har og ansvaret for utlån/utleige av kommunalt areal, som Prestegardslandet/Prestegardsmoen.

 

Innhaldet i tenesta

BOE har ansvar for å halde bygningar og anlegg ved like, inkludert grøntareal/parkanlegg.

BOE skal drifta og halde ved like dei tekniske anlegga.

BOE har ikkje ansvar for tenesteytinga i bygningane/anlegga. Brukarane må difor innretta seg slik at dei ikkje er avhengige av at BOE sitt personell er til stades.

Brukarar må fremja ynskjer om endringar/ombyggingar i god tid før budsjettoppsett.

 

Slik nyttar du tenesta

  • Normale meldingar: Kontakt BOE skriftleg (evt. e-post) og gjer greie for trongen for assistanse.
  • Hastesaker/kritiske hendingar: Kontakt stadleg vaktmeistar, oppsynsmann eller fagansvarleg.
  • Innspel til budsjett/økonomiplan: Send skriftleg utgreiing om kva dette gjeld, samt prioritering.
Sist endra 09.04.2015
Fann du det du leitte etter?
 
Login for redigering