Kommunale avgifter

 

Kva er inkludert i kommunale avgifter :

  • Gebyr for vatn. Gebyret er delt i to: Eit abonnementsgebyr og eit forbruksgebyr.
    • Abonnementsgebyret er ein fast sats som må betalast for kvar bueining. Dette er eit gebyr som alle må betale, og er likt uavhengig av storleiken på bueininga.
    • Forbruksgebyret betalar ein pr. m3. Talet på m3 er etter målt forbruk, dersom ein har vassmålar. Dersom ein ikkje har vassmålar, vert talet på m3 stipulert ut i frå bruksareal (BRA) på bustaden.
  • Gebyr for avløp. Avløpsgebyret er delt i to: Eit abonnementsgebyr og eit forbruksgebyr.
    • Abonnementsgebyret er ein fast sats som må betalast for kvar bueining. Storleiken på dette gebyret vert fastsett av kommunestyret kvart år, i samband med budsjetthandsaminga. Dette er eit gebyr som alle må betale, og er likt uavhengig av storleiken på bueininga.
    • Forbruksgebyret betalar ein pr. m3. Talet på m3 er etter målt forbruk, dersom ein har vassmålar. Dersom ein ikkje har vassmålar, vert talet på m3 stipulert ut i frå bruksareal (BRA) på bustaden.
  • Gebyr for brann- og feietilsyn
    • Gebyret er ein sats pr. pipeløp.  For bustadhus og fritidsbustad vert det feia kvart 2. år, og det vert gjennomført branntilsyn kvart 4. år.  
    • Tidlegare var det opp til kvar kommune om feiing og tilsyn skulle gjelda fritidsbustad eller ikkje. Ny forskrift pålegg no kommune å feia alle hus og hytter som har eldstad.

      Voss brannvern vil starta opp med feiing og tilsyn av fritidsbustader i 2017, og har som mål å gjennomføra 500 tilsyn i løpet av 2017. Eigarar vert kontakta på same måte som ved feiing av bustadhus.

    • Hytteeigarar i Voss har no fått eit informasjonsskriv, som du kan lesa ved å klikka her (PDF, 21 kB), Voss kommune ber om at dei som ikkje har eldstad i hytta, gir melding om dette til kommunen, skriftleg. Det kan gjerast gjennom e-post til postmottak@voss.kommune.no. Hugs gards- og bruksnummer på eigedommen det gjeld.

  • Septikavgift
    • Tøming av septiktankar for slamavskiljar er kvart 2. år for bustadhus, og kvart 4. år for fritidshus. Dersom ein ønskjer ekstra tøming utover den kommunale tømeruta, tek abonnenten kontakt med Birkeland Transport AS og får faktura direkte frå dei.
    • Minirenseanlegg vert tømt etter det som står i servicekontrakt frå leverandør. Her varierer det om dei tømer kvart år eller kvart 2. år. Enkelte har også tøming når servicemann har vore på kontroll, og gjev beskjed om det skal tømast.
  • Eigedomsskatt
    • Skatten vert rekna ut av fastsett ‰-sats av eigedomsskattetakst. Kommunestyret fastset ‰-satsen i samband med budsjetthandaminga kvart år. Sjå meir under Eigedomsskatt.

Forfall fakturaer kommunale avgifter:

  • Fyrste termin har forfall 15.03. og gjeld for perioden 01.01.-30.04.
  • Andre termin har forfall 15.06. og gjeld for perioden 01.05.-31.08.
  • Tredje termin har forfall 15.10. og gjeld for perioden 01.09.-31.12. 

Voss kommune tilbyr avtalegiro og e-faktura. Avtalen inngår du med banken din. Ein kan også bruke denne sida for å inngå eFaktura og Avtalegiro:

https://pvu.nets.no/pvu-suggestions/eident/login?logout

Renovasjon vert fakturert frå Indre Hordaland Miljøverk, med forfall i april og oktober. Sjå nettsida  www.ihm.no eller ta kontakt direkte med Indre Hordaland Miljøverk på telefon 56 52 99 00.

Sist endra 21.03.2017
Fann du det du leitte etter?
 
Login for redigering