Eigedomsskatt i Voss kommune

Eigedomsskatt.jpg - Klikk for stort bilete Kommunestyret gjorde vedtak om eigedomsskatt i heile kommunen f.o.m. skatteåret 2010. Eigedomsskatten vert skriven ut i samsvar med eigedomsskattelova, samt vedtekter vedtekne av kommunestyret.

Alle eigedommar som skal ha eigedomsskatt, får fastsett ein takst som skal tilsvara antatt marknadsverdi pr. 01.01.2010. Kommunestyret fastsette eigedomsskattesatsen for 2017 til 3,0 promille for bustadeigedomar, utan bruk av botnfrådrag, og 7 promille for næringseigedomar.

 

I fylgje eigedomsskattelova, skal alminneleg taksering skje kvart 10. år. Sist Voss kommune gjennomførte alminneleg taksering, var i 2010. Dette var ein eineståande sjanse til å få rydda opp i Matrikkelen, noko som i tillegg førte til meir rettferdig fakturering av gebyr for vatn, avløp og eigedomsskatt.


Eigedomsskatt vert fakturert saman med kommunale avgifter.
For 2017 er det tre terminar med forfall 15.03., 15.06. og 15.10.

 

Eigedomsskatt 2017- Offentleg ettersyn

På bakgrunn av kommunestyres vedtak om utskriving av eigedomsskatt 78/16 for 2017, og med heimel i eigedomsskattelova § 15, leggjar ein eigedomsskattelista ut til offentleg ettersyn i tre veker frå 27. februar til 17. mars 2017. Lista syner dei skattepliktige eigedomar med opplysning om adressa, matrikkelnummer (gårds-, bruks-, feste- og seksjonsnummer), eigedomens skattetakst, skattesats, og utrekna eigedomskattesum.

Eigedomsskattelista vert lagt ut i Servicetorget på Tinghuset frå måndag 27.02.2017 kl. 09.00.

 

 

Fann du det du leitte etter?
 
Login for redigering