Trygg oppvekst for alle

TryggOppvekst.png - Klikk for stort bilete

 

Gjennom modellkommuneprosjektet vil Voss kommune skapa ein «Trygg oppvekst».

 

Målet er at born med foreldre som er psykisk sjuke og/eller misbrukar rusmiddel skal bli fanga opp og sett i større grad enn før. Ved å identifisera desse borna og familiane på eit tidlegast mogleg tidspunkt kan me koma i forkant av vanskane og med det sikra borna god nok omsorg, tryggleik og utviklingsmoglegheiter.

 

Dette skal skje mellom anna gjennom nettstaden helsevoss.no der både born, familie, tilsette i barnehage, skule og helsevesenet kan finna informasjon om korleis ein kan førebyggja, avdekka og handtera situasjonar der born og familiar treng hjelp.  

 

Voss kommune innfører også ein ny rutine for oppstartssamtale i barnehage, der tilsette spør alle foreldra  dei same spørsmåla. Tema for samtalen er; den fyrste tida og barnet som person, familie og nettverk, kvardag og samspel i familien, helse, vald/overgrep, alkohol/rusmidlar, andre opplysningar og foreldra sine forventningar til barnehagen.

 

Sjølve modellkommuneprosjektet er i regi av Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir). Kommunar søkjer tilskot til å delta i prosjektet. Når ein kommune blir ein modellkommune, har kommunen laga ein heilskapleg, tverrsektoriell modell for arbeid med utsette born. Meininga er å utvikla modellar for identifikasjon og oppfylging av born av psykisk sjuke foreldre, og/eller born med foreldre som misbruker rusmiddel. Les meir om modellkommuneprosjekt på Bufdir sine heimesider og gå også inn på Voss kommune si side for Trygg oppvekst.

Sist endra 21.12.2016
Trygg oppvekst
Fann du det du leitte etter?
 
Login for redigering