Skule

Bulken skule - Klikk for stort bilete Kommunane har ansvaret for grunnskuleopplæring til alle elevar frå 1.-10. klasse. I Voss kommune er det 10 skular. Me har ein delt barne- og ungdomsskule, Sundve skule nord i kommunen, og ein rein ungdomsskule, Voss ungdomsskule, i sentrum, som har elevar frå 8 barneskular i kommunen.

 

Alle skulane våre arbeidar med antimobbeprogrammet Zero etter vedteken handlingsplan. Skulane er òg i gang med felles utviklingsarbeid «Betre læringsmiljø», og dette arbeidet skal ha fokus i perioden 2013 – 2020.

 

Barneskulane gjev tilbod om SFO, og utvida SFO er lagt til ein skule, for tida Vangen skule som ligg i sentrum. Det er tilbod om leksehjelp for elevane i 2.- 4. klasse ved skulane. I tillegg gjev Voss Røde kors tilbod om leksehjelp ved Voss ungdomsskule måndagar.

 

Voss kommune har tilbod innan "Den kulturelle skulesekken" til alle årssteg i løpet av skuleåret.

 

Voss leirskule vert driven som kommunalt tilbod, og gjev leirskuletilbod til born heile året.  

     

Fann du det du leitte etter?
 
Login for redigering