Pedagogisk-psykologisk tenestekontor (PPT)

Pedagogisk-psykologisk tenestekontor (PPT) er ein stad der foreldre, skule- og barnehagepersonell, helsepersonell eller elevar kan søkja råd i spørsmål som gjeld trivsel, tilpassing og opplæring for barn.

Målgruppa for PP-tenester er barn og unge 0-16 år, og vaksne som har særlege opplæringsbehov.

Tenesta er kommunal, og er heimla i Opplæringslova. Den pedagogisk-psykologiske tenesta skal sørgja for at det vert utarbeidd sakkunnig vurdering der lova krev det. Departementet kan gje forskrifter om dei andre oppgåvene til tenesta.

PPT Voss samarbeider med og sel tenester til kommunane Granvin, Ulvik, Eidfjord og Ullensvang. 

 

Kontaktinformasjon:
Voss kommune, PPT-kontoret
Adresse: Miltzowsgate 2, 5700 Voss
Telefon: 56514780
E-post: post.ppt@voss.kommune.no

Fann du det du leitte etter?
 
Login for redigering