Integrering og vaksenopplæring

 

Eininga Integrering og vaksenopplæring har ansvar for arbeidet med busetting, integrering og opplæring av flyktningar som vert busett i kommunen.  Eininga består av Vaksenopplæring og logopedi, flyktningteneste, em-tiltaka (to institusjonar for einslege mindreårige flyktningar under 15 år), og bufellesskap for einslege mindreårige flyktningar mellom 15 og 18 år.  I tillegg har eininga ansvar for koordinering av kommunen sitt lovpålagte tilbod til asylsøkjarar i statleg mottak.

Tenesta arbeider for at busette flyktningar og deira familie skal kunne ta ansvar for eigen livssituasjon, og finne seg til rette i skule, arbeid, nærmiljø og samfunnsliv.  I eininga sine tenester skal ein bli møtt med respekt, høflegheit og fagleg kompetanse, uavhengig av sosial status, historie, etnisk opphav, tru, kjønn eller alder.

 

Kontaktinformasjon:

Postadresse: boks 145, 5701 Voss

Leiar Integrering og vaksenopplæring: tlf. 56 52 32 11
Vaksenopplæring og logopedi: tlf. kontor 56 51 96 84 / 80  Rektor tlf. 481 31 149
EM-tiltaka, leiar: tlf. 970 50 356
Flyktningtenesta, teamleiar introduksjonsprogram: tlf. 979 97 146
Flyktningtenesta, teamleiar busetting: tlf. 979 97 178
Bufelesskapa: informasjon kjem

 

Meir informasjon finn du på avdelingane sine eigne sider, sjå meny til høgre

 

Sist endra 01.09.2016
Fann du det du leitte etter?
 
Login for redigering