Helsestasjon og skulehelsetenesta

Helsestasjon- og skulehelsetenesta er ein del av kommunehelsetenesta som utfører planmessig helsefremjande og førebyggande helsearbeid for born 0-6 år, skuleborn 6-16 år, og for ungdom mellom 16-20 år som bur eller oppheld seg i kommunen. Jordmortenesta er ein del av helsestasjonstilbodet.

 

Tenesta skal betre føresetnaden for god psykisk og fysisk helse ved å fremje trivnad, velvære og meistring av dei utfordringane menneske møter i kvardagen, samt førebygge sjukdom og skade.

 

Helsestasjonen kan hjelpe med å formidle kontakt og samarbeid med andre tilsette innan helsetenesta, barnehage, PPT, psykolog, tannhelsetenesta, sosialtenesta, fysioterapitenesta og andre tenester i kommunen.

 

Kontaktinformasjon:

Voss helsestasjon
Uttrågata 15
5700 Voss
Telefon: 56533040
Telefaks: 56519659
E-post: postmottak.helsestasjon@voss.kommune.no

 

Opningstider ved helsestasjonen:

  • Helsestasjonen er tilgjengeleg alle kvardagar.
  • Onsdag kl 08.30-14.30: Spedbarnsundersøkingar ved helsesøster/lege.
  • Torsdag kl 08.30-14.30: Småbarnsundersøkingar og 1. klasse-konsultasjonar ved helsesøster/lege.
  • Venterommet/stellerommet er ope på kvardagar i tida kl 09.00-15.00.
Sist endra 07.12.2016
Fann du det du leitte etter?
 
Login for redigering