Barneverntenesta

Barneverntenesta arbeider etter lov om barneverntenester. Denne lova gjeld for alle born under 18 år. Lova har som formål å sikre at born og unge som lever under forhold som kan skade helsa og utviklinga deira, får nødvendig hjelp og omsorg til rett tid. Lova skal også bidra til at born og unge får trygge oppvekstvilkår.

Voss kommune har ikkje døgnvakt for barneverntenester. Dersom du treng hjelp på kveld/helg, så kan du få det ved å kontakta barnevernsvakta via denne linken.

Barneverntenesta skal vera med på å sikra omsorg og tryggleik for born som har særlege behov. Oftast er det foreldre sjølv som vender seg til barnevernet for å få hjelp. Dei aller fleste borna som får hjelp frå barnevernet, bur heime hjå foreldra sine.

Hovudmålsetjinga til barneverntenesta er å gje god nok hjelp til at barnet/borna kan halde fram med å bu hjå familie og i nettverket sitt.

Opningstider: Måndag til fredag kl 09-15
Besøksadresse: Regimentsvegen 158, på Tvildemoen

Telefon :56 52 13 10
Postadresse: Voss Barnevernteneste, Pb. 43, 5701 Voss

I akuttsituasjonar utanom kontortid
Politi: 02800 (Politiet kan også fatta eigne vedtak i akuttsituasjonar)
Legevakt: 116 117

Alarmtelefon for born og unge: 116 111
Den kommunale barneverntenesta har pr i dag ikkje vaktordning utanom kontortid.

 

Sist endra 30.11.2016
Fann du det du leitte etter?
 
Login for redigering