Ungdomshuset

Ungdomshuset (UHV) er eit tilbod til ungdom frå vidaregåande skule og oppover. Huset er drive av ungdommar, og har eit eige styre på 5-7 medlemmar som tek seg av den daglege drifta. Huset ligg sentralt midt på Vangen like ved Tinghuset. UHV er eit rusfritt tilbod. Nytt styre vert valt av ungdommane sjølve kvar haust.

 

Ungdomshuset - Klikk for stort bilete UHV er fyrst og fremst ein uformell møtestad for ungdommane, der dei kan møtast til ein prat, lekselesing, kafédrift og sosialt omgjenge. Utover dette kan huset by på mellom anna filmkveld, dataspel og kortspel, samt sandvolleyball i sesongen. Aktivitetane kan variera noko etter ynskje og interesse, og det er høve til å koma med ynskje om nye aktivitetar.

Ope: Kvar onsdag kl. 16.00-22.00, samt nokre fredagar og laurdagar.
 
UHV har tilsyn av ein ungdomskoordinator. Ungdomskoordinatoren er elles bindeledd mellom ungdommen og kommunen.
 
 
 
 
 
Fann du det du leitte etter?
Eksterne lenker
 
Login for redigering