SLT: Tiltak mot rus og kriminalitet

SLT-koordinatoren i Voss kommune har ansvaret for ungdomsarbeid, utekontakt, edruskapsvern og skjenkesaker. Koordinatoren jobbar og med førebyggingsavtaler som "AV-OG-TIL". 

slt.jpg - Klikk for stort bilete

SLT er ein samordningsmodell for lokale, førebyggande tiltak mot rus og kriminalitet. SLT sikrar at dei ressursane som allereie finst hjå kommunen og politiet, vert meir samkøyrde og målretta.

 

SLT er i hovudsak retta mot born og unge, og foreldre og føresette. 

 

Målet er at born og unge i Voss kommune skal få riktig hjelp til riktig tid, av eit hjelpeapparat som samarbeider godt på tvers av etatar og faggrupper.

 

Voss kommune vart i januar 2013 ein «AV-OG-TIL» kommune. «AV-OG-TIL» er ein alkovettorganisasjon, og bak organisasjonen står politiske parti, offentlege verksemder, faglege- og frivillige organisasjonar. Ved å setja fokus på situasjonar der alkohol er ein særleg risiko eller kan vera til ulempe for andre, ynskjer «AV-OG-TIL» å bidra til å redusera dei uønskte følgjene av alkoholbruk i samfunnet, og gjera kvardagen tryggare for alle. 

Fann du det du leitte etter?

Kontakt

SLT-koordinator
Tlf: 905 26 906
E-post  
Eksterne lenker
 
Login for redigering