Tilskot til leikeplassar i bustadfelt.

 

Vellag og grendalag kan søkja om tilskot til vedlikehald/utstyr på leikeplassar i bustadfelta. Søknadsskjema finn ein på kommunen si nettside, eller det kan hentast i Servicetorget. Søknaden kan sendast Voss kommune, postboks 145, 5701 Voss eller postmottak@voss.kommune.no  innan 1. mai 2017

 

Sist endra 30.05.2017
Publisert 23.02.2015

Voss kommune har ei rekkje tilbod innan kultur og fritid.    

I Voss kulturhus finn du bibliotek, kino, kultursal, kulturskule, rockerom, utstillingsområde og vaksenopplæring. Voss Idrettshall er ein stor fleirbrukshall som kan nyttast til mange forskjellige arrangement og idrettar. Symjebassenget ved Voss ungdomsskule er ope for alle som ynskjer å driva aktivitet i vatnet.  SLT-koordinatoren i Voss kommune har ansvaret for ungdomsarbeid, utekontakt, edruskapsvern og skjenkesaker. Koordinatoren jobbar og med førebyggingsavtaler som "AV-OG-TIL". SLT er i hovudsak retta mot born og unge, og foreldre og føresette. Målet er at born og unge i Voss kommune skal få riktig hjelp til riktig tid, av eit hjelpeapparat som samarbeider godt på tvers av etatar og faggrupper.    

 

Kommunalsjef for kultur og fritid heiter Gunnhild Utkvitne.

Fann du det du leitte etter?
 
Login for redigering