Tildelingskontoret

Tildeling - Klikk for stort bilete  

Voss kommune har eit felles tildelingskontor for alle helse- og omsorgstenester som skal sikre lik tilgang på tenester til alle innbyggjarar, uavhengig av alder, tenestebehov og bustad. Tildelingskontoret skal handsama søknader om tenester innan pleie og omsorg som Voss kommune tilbyr, sjå liste under. Søknader og spørsmål knytt til helse- og omsorgstenester i kommunen skal rettast til tildelingskontoret.

 

Koordinerande eining 

Tildelingskontoret har funksjon som koordinerande eining for habilitering og rehabilitering, og skal bidra til samordning av tenester for å sikra eit heilskapleg tilbod for deg som brukar. Koordinerande eining har det overordna ansvaret for arbeidet med individuell plan og koordinator i kommunen.

Melding om behov for habilitering og rehabilitering, individuell plan og koordinator skal rettast til koordinerande eining, Tildelingskontoret. Brukar sjølv, pårørande eller fagfolk kan ta kontakt. Bruk meldingsskjema (PDF, 94 kB) i høgre meny, eller ta kontakt på telefon 56521300/04. Les meir om koordinerande eining, og ordninga om individuell plan og koordinator.

 

Kreftkoordinator

Kommunen sin kreftkoordinator har for tida kontor på Voss sjukeheim. Dette er eit lett tilgjengeleg tilbod som ikkje krev søknad eller vedtak om andre kommunale tenester.

 

Ved tildeling av tenester vert det lagt vekt på brukardeltaking med fokus på:

  • hjelp til sjølvhjelp
  • kva du kan klara sjølv
  • kva eventuelle andre i husstanden kan klare (f.eks. ektefelle, sambuar eller vaksne heimebuande barn)
  • kva du og våre medarbeidarar kan gjera saman
  • kva våre medarbeidarar kan hjelpa deg med.

Målet er å bidra til ein så uavhengig og sjølvhjelpen kvardag som mogeleg.

 

Du kan søkja om

  • Tryggleiksalarm
  • Utkøyring av mat
  • TT-kort
  • Personleg assistanse – her under praktisk bistand, opplæring og støttekontakt
  • Brukarstyrt personleg assistanse
  • Ledsagarbevis
  • Helsetenester i heimen så som heimesjukepleie og psykisk helsearbeid
  • Kvardagsrehabilitering
  • Dagtilbod
  • Omsorgsbustad (sjølve tildelinga vert utført frå bustadkontoret, medan tildelingskontoret gir faglig uttale/ behovsvurdering)
  • Avlastning
  • Tryggleiksplass
  • Omsorgsløn (yting)
  • Korttidsopphald i institusjon
  • Langtidsopphald i institusjon

Tildelingskontoret kan ikkje tildela

  • legehjelp
  • helsesøster- og skulehelsetenester
  • fysioterapitenester
  • parkeringsløyve

Når får du svar?

Sakshandsamingstida er normalt sett til 3 veker. Innan denne tid vil det føreliggja anten vedtak om kva og kor mykje hjelp du vert tilbydd, eller avslag på søknaden. Dersom du får vedtak om ei teneste, startar denne opp så snart som mogeleg. Nokre tenester kan det vera ventetid på.

I nokre høve er det behov for ei meir omfattande utgreiing for å finna fram til det rette tenestetilbodet. Du vil få melding om kva som skal gjerast før det kan fattast endelig vedtak, samt kor lang sakshandsamingstid ein reknar med.

 

Individuell vurdering

Alle søknader om hjelp vert vurdert individuelt av fagpersonar. Vurderinga skjer i dialog med deg, anten per telefon, møter på tildelingskontoret eller ved heimebesøk. Samarbeidet med deg som søkjer om hjelp er viktig for å finne fram til det rette tenestetilbodet. Sakshandsamar og dei som utfører tenestene samarbeider tett, og alle har teieplikt.

 

Vedtak

Tildelingskontoret fattar vedtak som gjeld for ein bestemt periode. Vedtaket skal beskriva kva slags hjelp og kor mykje hjelp som vert tildelt. Dersom det skal betalast for tenestene, vil også det stå i vedtaket. Spørsmål vedrørande eigenbetaling skal rettast til tildelingskontoret.

Dersom behovet for hjelp vert endra, plikter du, dei pårørande eller dei som utfører tenesta å melde frå til tildelingskontoret, slik at nytt vedtak vert fatta.

Dersom du ikkje får tilbod om hjelp, skal det fattast vedtak om avslag. Vedtaket vil vera grunngjeve. Det same gjeld dersom du får vedtak om mindre hjelp enn det du søkjer om.

 

Klage

Dersom du får avslag på søknaden eller du får mindre hjelp enn det du har søkt om, kan du klaga. Det kan også klagast på kvaliteten på tenestene som vert utført.

Korleis du skal gå fram ved klage, er beskrive i vedtaksbrevet. Tildelingskontoret kan ved behov vere behjelpeleg med å utforma klagen.

 

Kven utfører tenestene?

Når tildelingskontoret har vedtatt kva tenester du vert tilbydd, går bestillinga til dei som skal utføra tenesta. Dette er blant andre:

  • heimetenesta
  • sjukeheimane eller bustader med bemanning
  • fysio- og ergoterapitenesta
  • avlastingsavdeling
  • dag- og aktivitetsavdelingar

Kontaktinformasjon:

  • Adresse: Voss sjukeheim, Sjukehusvegen 15, 5704 Voss
  • Telefon: 56 52 13 00.

 

Sist endra 01.06.2016
Fann du det du leitte etter?
 
Login for redigering