Tenester for menneske med nedsett funksjonsevne

Voss kommune tilbyr tenester til menneske som av ulike grunnar har behov for bistand som følge av nedsett funksjonsevne. Tenestene vert gitt etter at tildelingskontoret har fatta enkeltvedtak. 

Kommunen har i dag tilbod om døgnkontinuerleg miljøarbeidartenester i 5 bufellesskap med 36 bustader. Kommunen har avlastingsinstitusjon med 9 plassar, i tillegg er det tilbod om avlasting i private heimar. Avlastingstilbodet vert tilpassa søknaden til den enkelte og er eit førebyggjande tiltak for familiar med omfattande omsorgsoppgåver. Avdelinga har dagtilbod ved bl.a.Liahagen arbeids- og aktivitetssenter som er ope 5 dagar i veka. Støttekontakttenesta har som oppdrag å gi personar som har vedtak om støttekontakt, hjelp til meiningsfulle fritidsaktivitetar.  

 tusja_34 kompr.jpg - Klikk for stort bilete

Fann du det du leitte etter?
 
Login for redigering