Tenester innan rus og psykiatri

Rus- og psykiatritenesta har kommunedekkande funksjon, og skal gi koordinerte og samordna tenester til personar med psykiske eller rus-relaterte lidingar. Eininga skal med solid kompetanse og fleksibel tilpassing bidra til auka livskvalitet, verdigheit og meistring.

Dei fleste av oss vil oppleva psykiske helseplager ein eller fleire gonger i livet. Heldigvis finst det god hjelp å få, og for dei fleste løyser problema seg. Det viktigaste du kan gjera når du har det vanskeleg er å vera open om det. Sjansen for at du vert bra er større om du ber om hjelp tidleg.


I avdelinga arbeider det sjukepleiarar, vernepleiarar, barnevernspedagog, hjelpepleiar, omsorgsarbeidar og assistent.Personalet vårt har vidareutdanning innan psykisk helse, rusproblematikk, barnevern, etnisitet og kommunikasjon.

MGode samtalar - Klikk for stort bilete e arbeidar tett saman med andre avdelingar og spesialisthelsetenesta. Me vil hjelpa deg å nå måla dine. Det kan vera å meistra angst gjennom å utfordra deg sjølv i situasjonar du er redd for. Me støttar deg i tiltak slik som å redusera inntak av rusmidlar, planleggja gjeremål, eller utføra husarbeid. Me er gjerne med i førebuingane til møte med fastlege, psykolog, NAV eller behandlar. 

Ta gjerne kontakt!

Fann du det du leitte etter?
 
Login for redigering