Kommunalt øyeblikkeleg hjelp døgntilbod (ØHD)

Rom ØH - Klikk for stort bilete Turid Soldal

Øyeblikkeleg hjelp døgnopphald (ØHD) er eit tilbod til pasientar og brukarar med behov for døgnkontinuerleg behandling og observasjon. Det er eit alternativ til innlegging på sjukehus for akutt sjuke vaksne pasientar med kjend og avklart sjukdom, med behov for døgnkontinuerlig behandling og observasjon over kort tid. Vidare omsorgsbehov vert vurdert innan om lag 72 timar.

 

Kven kan nytta tilbodet?

Tilbodet gjeld for pasientar som har kjende diagnosar eller kroniske sjukdomar, og som kan dra nytte av øyeblikkeleg hjelp utan å bli lagt inn på sjukehus.

Det er fastlegen, sjukeheimslegen eller lege på legevakten som kan henvisa til øyeblikkelig hjelp døgnopphald.

Pasientane er 18 år gamle eller eldre.

Kommunane Voss, Granvin, Ulvik, Eidfjord og Kvam(natt) samarbeider om det kommunale døgntilbodet for øyeblikkeleg hjelp. Tilbodet gjeld derfor for innbyggarar i desse kommunane.

Kva tilbod får du?

· Behandling og observasjon av kjende diagnosar.

· Avdelinga har akuttmedisinsk utstyr og kan utføra laboratorieundersøkingar.

· Me har samarbeid med sjukehuset dersom ein treng meir omfattande undersøkingar.

· Lege er tilstade kvar dag, og avdelinga har fleire sjukepleiarar enn ei vanleg korttidsavdeling i kommunen.

· Liggjetid er inntil tre døgn.

 

Kvar får du tilbodet?

Tilbodet vert gitt i ein eigen del av 2.etg ved Voss sjukeheim i Voss kommune.

 

 

Fann du det du leitte etter?
 
Login for redigering