NAV Voss

På NAV Voss skal du få oppfølging som er nødvendig ut frå din situasjon til å koma deg i jobb. Våre medarbeidarar vil saman med deg snakka om di arbeidserfaring, utdanning, kompetanse, ferdigheiter, interesser og moglegheiter eller utfordringar du har for å koma i jobb. Saman ser me på og vurderer kva behov du har for hjelp frå NAV for å koma i arbeid. Har du behov for kvalifisering, arbeidstrening eller andre tiltak i samband med jobbsøking, skal me saman med deg utforma ein plan for kva aktivitetar og eventuelle tiltak som vil vera aktuelle for deg.

Får du arbeidsretta oppfølging fra NAV-kontoret?

Om du vil ha ei samtale med rettleiaren din på NAV-kontoret for arbeidsretta oppfølging, må du ringea til oss først slik at me kan setja av eit tidspunkt for deg. Då er du sikker på at rettleiaren din er ledig og førebudd til samtala før du kjem. Du kan også kommunisera med NAV elektronisk ved å logga deg inn på Ditt NAV, og nytta funksjonen «Skriv til oss».

Har du spørsmål om ytelser fra NAV?

nav.no finn du dei rette svara om rettar og utbetalingar, og om kor lang tid saksbehandlinga tek. Her kan du også registrere deg som arbeidssøkjar, få gode tips om korleis du går fram, du kan senda søknadar og sjekka kor langt saken din har kome og kor mykje du får utbetalt – i tillegg til mykje annz du kan ordna sjølv. Mykje mer effektivt enn å stå i kø, ingen reiseveg og ope heile døgnet! Finn du ikke svar på det du lurer på, kan du kontakte oss på 55 55 33 33.

Spørsmål om pensjon?

Pensjonsekspertane i NAV svarar deg på 55 55 33 34. Sjekk først om du finn det du treng på nav.no/dinpensjon.

Hvis du kjem til NAV-kontoret:

Ta med deg kodebrikke slik at me kan hjelpe deg med sikker innlogging på nav.no.

 

Sist endra 19.04.2017
Fann du det du leitte etter?
Eksterne lenker
 
Login for redigering