Legevakt

Legevakta si oppgåve er å gje deg hjelp med helseproblem som må behandlast så raskt at fastlegen ikkje kan nyttast. Det kan vera sterke brystsmerter, pustevanskar, akutt sjukdom, mistanke om komplikasjonar i svangerskap, kuttskader og liknande.

Legevaktsnummer: 116 117

Når du ringjer 116 117 kjem du i kontakt med legevaktsentralen i området der du oppheld deg.

  

Kart
Voss legevakt

Når du treng legehjelp: Kven skal du ringja?

Fastlegen eller fastlegekontoret du høyrer til er din hovudkontakt inn i helsetenesta.
Dersom det er mogeleg, bør du alltid ringja fastlegen først.

Når du treng legehjelp: Kven skal du ringja?

  • Fastlegen din i opningstida
  • Legevakt 116 117 når fastlegen ikkje er tilgjengeleg og hjelpa ikkje kan venta
  • 113 når det er akutt og står om liv

Betaling på legevakta

Legevakta krev betaling etter faste takstar. Dersom du betalar kontant eller med kort, unngår du faktureringsgebyr. Eventuell medisin må betalast kontant. Ta med eventuelt frikort!

 

Fastlegen kan også gje hjelp raskt

Dersom du treng hjelp på dagtid, skal du først ringja fastlegen eller fastlegekontoret du høyrer til. Fastlegen vurderer kor mykje det hastar, og kan vanlegvis gje deg ein time same dag dersom situasjonen krev det. Du skal alltid kontakta fastlegen når det gjeld sjukemelding, fornying av resept og varige og kjende plager utan akutt forverring.

 

Dersom du ikkje har fastlege på Voss kan du enkelt byta til fastlege her. Dette kan enten gjerast på nett eller på telefon til fastlegeordninga.

Kva kan legevakta gjera for deg

Legevakta skal tilby hjelp til det som ikkje kan vente når fastlegekontoret ditt er stengt. Legevakta skal også hjelpa deg når du ikkje er i nærleiken av fastlegen din, for eksempel på ferie eller reise. Dersom du trur det er akutt og står om liv, ringjer du medisinsk nødhjelp 113.

Dei fleste stadar i landet  er det forventa at du ringjer legevaktsentralen for vurdering for gjera avtale om oppmøte.Ofte kan gode råd på telefon vera nok.

Når du kjem til legevakta, må du alltid ta kontakt med personalet, slik at dei kan gjere ei rask vurdering av kor mykje det hastar. Dersom du må venta, er det fordi andre treng hjelp raskare. For å kunne hjelpa deg på best mogeleg måte, treng legevakta opplysingar om personalia, adresse, kvifor du tek kontakt, tidlegare sjukdommar, og kva medisin du nyttar.

Eksempel på tilstandar det kan vera fornuftig å ta kontakt med legevakta om:

  •  Høg feber – særleg hjå barn
  •  Moderate pustevanskar
  •  Akutt sjukdom eller alvorleg forverring
  •  Slapt og medteke barn eller tilsvarande symptom hjå vaksne.
  •  Alvorleg psykisk sjukdom
  •  Mistanke om komplikasjonar i svangerskap
  •  Kuttskadar som må syast
  •  Mistanke om brot

Slik kjem du i kontakt med legevakta

Ring det sekssifra nummeret 116 117 eller det lokale legevaktnummeret. Begge vert svara døgnet rundt ved legevaktsentralen.

Hvis du treng å koma i kontakt med legevakta ein annan stad i landet enn der du oppheld deg, kan du bruka det lokale nummeret. Sjekk kommunen si nettside eller nummeropplysningstenestene.

Når skal du ringja 113?

Ved ulukker og alvorlege hendingar der du treng akutt helsehjelp, skal du ringja 113. Har du eitt av desse symptoma skal du alltid kontakta medisinsk nødhjelp 113:

  • Nye lammelsar i ansikt, arm eller underekstremitet
  • Nytilkomne språkforstyrringar, finn ikkje ord eller utydeleg tale
  • Uforklarleg og plutseleg ustø
  • Om ein person er medvitslaus eller har nedsett medvit
  • Brystsmerter i meir enn fem minutt
  • Bruk av hjertemedisinen nitroglyserin gjev mindre effekt enn til vanleg
  • Uventa ubehag i brystet, generell uvel og kvalme
Sist endra 19.03.2018 14:28
Fann du det du leitte etter?
 
Login for redigering