Utdeling klokker 25 år.jpg

Klokker til tilsette

13.11.2017

Voss kommune har tradisjon for å dele ut...

ReidarMeel.jpg

Kommuneplankoordinator på plass

01.11.2017

Reidar Meel er på plass som...

Middag

Matrapport er sendt ut

31.10.2017

Den politiske arbeidsgruppa som har...

Praktisk bistand - heimehjelp o.l.

Praktisk bistand omfattar heimehjelp, husmorvikarteneste og anna hjelp til praktiske gjeremål. Praktisk bistand skal bidra til at den som mottek tenesta vert mest mogeleg sjølvhjelpen i dagleglivet og/eller får hjelp til daglege gjeremål for å kunna bu i eigen bustad så lenge som mogeleg. Det vert vurdert fortløpande om tenestemottakar kan utføra meir av arbeidsoppgåvene.  

Kriterier for tildeling

Dei som ikkje kan yta omsorg for seg sjølv eller som er heilt avhengig av praktisk eller personleg hjelp for å klara dagliglivet sine gjeremål, har krav på praktisk bistand. Det skal føreliggja eventuelle helseopplysningar som tilseier at søkjar ikkje kan ivareta eigenomsorg eller er heilt avhengig av praktisk eller personleg hjelp for å klara dagleglivets gjeremål. Etter samtale med søkjaren bestemmer kommunen kva for tenester som skal verta gitt.

Lovgrunnlag

Personleg assistanse, her under praktisk bistand, opplæring og støttekontakt er heimla i helse- og omsorgstenesteloven § 3-2 punkt 6, bokstav b.

Tenesta kan innehalde:

  • Miljøarbeid
  • Nødvendig reinhald
  • Nødvendige ærend
  • Ernæring (levering av middag)
  • Støttekontaktteneste

Kva må du gjera?

Det vil alltid verta vurdert slik at det brukaren kan utføra sjølv, skal brukaren gjera sjølv så langt det er mogeleg. For eksempel dersom brukaren sjølv kan tørka støv med hjelp av eit hjelpemiddel, for eksempel vasketralle, vert det ikkje tildelt hjelp til å tørke støv.

  • Brukar gjer seg kjend med innhaldet i vedtaket.
  • Brukar er til stade når tenesteytar utfører praktisk bistand. Elles må det meldast frå seinast dagen før.
  • Når brukar mottek tenester i heimen vert heimen automatisk tenesteytar sin arbeidsplass. Det vert forventa at brukar bidreg til å skape ein god arbeidsplass for tenesteyter jf. vedtektene i Arbeidsmiljølova.
  • Brukar har nødvendig utstyr som skal ha standard tilsvarande det ein har i ein norsk heim.
  • Brukar gjev beskjed innan 1 veke på førehand dersom det er ynskje om å avlysa besøket/byta dag. Ved akutte situasjonar må det verta gitt snarleg beskjed. 
  • Heimen er lagt til rette for at heimehjelparen får ein god arbeidsplass, evt. tek initiativ til/tek i mot hjelp til utbetring av bustad.
  • Fungera som arbeidsleiar iht. Arbeidsmiljølovens vedtak om eit godt arbeidsmiljø.
  • Reinhald vert normalt ikkje utført når det er besøkjande til stade.
  • Møblar og utstyr i heimen må tilpassast ny livssituasjon.

Oppgåver som IKKJE inngår i praktisk bistand

  • Stryking av klede.
  • Reingjering av område over ”skulderhøgd” eller rom som ikkje er i bruk.
  • Hagearbeid som stell av blomster, plenklypping og/eller raking.
  • Storreingjering av tak og vegger, vask av vindauge, boning av golv, lufting av store/tunge tepper, pussing av sølvtøy/kopar, innvendig vask av skap, skifting av dobbeltvindauge etc.
  • Baka
  • Rydda og vaska opp etter friske pårørande eller besøkjande.
  • Hjelp til kjæledyrhald.
  • Frakting av bos.
  • Gjera i stand til høgtider. Kan i spesielle tilfelle avtalast innafor tilmålt tid der brukar bur åleine og ikkje har pårørande i nærleiken.
  • Tenesteytar har ikkje høve til å nytta brukaren sitt bankkort for kontantuttak eller handel. Tenesteytar skal heller ikkje handtera brukaren sine kontantar.
  • Flytting av møblar.

Kva kostar det?

Eigenbetaling, iht. Forskrift om eigenandel for kommunale helse- og omsorgstenester, skjer på grunnlag av netto inntekt av samla skattbar inntekt for husstanden (ektefelle/sambuar, heimebuande barn) før særfrådrag. Inntektsgrensa vert justert etter grunnbeløpet i folketrygda. Satsar for eigenbetaling vert vedtekne av kommunestyret kvart år. (PDF, 174 kB) Beløpet kjem fram også i vedtak om tenester. I vedtaket vert det skildra innhald og tidsbruk for tildelt hjelp og bistand. Det er ingen eigenandel på miljøarbeidstenester.


Slik søker du:

  1. Last ned søknadsskjema om helse- og omsorgstjenester (PDF, 721 kB)
  2. Beskriv behovet ditt for hjelp
  3. Send inn søknadsskjema til tildelingskontoret i vanlig post.

 

Sist endra 30.03.2015
Fann du det du leitte etter?
Login for redigering