Tintrabrua3

Publikumspris til Tintrabrua

28.04.2017

Tintrabrua vann publikumsprisen i...

Næring og landbruk

Søknad om produksjonstilskot i jordbruket mai 2017

21.04.2017

Voss kommune minner om søknadsfrist for...

Sykler.JPG

Vårsjekk av sykkelen

21.04.2017

Som ein del av Voss kommune si satsing på...

Helsetenester i heimen - heimesjukepleie

Heimebuande personar med trong for nødvendig helsehjelp for å ivareta grunnleggjande behov ved kort- eller langvarig funksjonssvikt. Det er ein mål å leggje til rette for at brukarar som ynskjer å bu lengst mogleg i heimen skal kunne gjere det. 

Gode samtalar - Klikk for stort bilete

Kvifor?

  • Brukar vert buande heime med nødvendig helsehjelp og får ivareteke grunnleggjande behov ved kort- eller langvarig funksjonssvikt.
  • Førebyggja behov for heildøgns bustadtilbod ved å leggja til rette for at brukarane kan få bu lengst mogeleg i eigen heim. Brukar vil kunne få rettleiing og opplæring som gjer at vedkommande i størst mogeleg grad vert sjølvhjelpen i forhold til dagliglivet sine ulike gjeremål.
  • Den som mottar tenesta skal klara mest mogeleg sjølv og bli minst mogeleg avhengig av hjelp.

Kriterier for tildeling

Helsetenester i heimen vert tildelt dei som oppheld seg i kommunen og som fyller vilkåra for å få nødvendige helse- og omsorgstenester. Tenesta vert tildelt for å hjelpa den som av fysiske og/eller psykiske årsaker ikkje greier å ivareta eigen livssituasjon eller helse på ein forsvarleg måte. Det vert vurdert om brukar må ha hjelp av helsefagleg personell til:

  • personlig stell og hygiene
  • rørsle og mobilitet
  • oppretthalda ernærings- og væskebalanse
  • nødvendig aktivitet, søvn og kvile
  • respirasjon, sirkulasjon og varmeregulering.

Vidare vert det vurdert om ein har behov for:

  • hjelpemidlar
  • rehabilitering
  • psykisk helsearbeid
  • miljøarbeid

Lovgrunnlag

Helsetenester i heimen er heimla i Helse- og omsorgstenesteloven §§ 3-1 og 3-2 punkt 6, bokstav a og omfattar ulike helsetenester som vert ytt i heimen, her under sjukepleie, miljøarbeidarteneste og psykisk helseteneste.

Tenesta sitt innhald

  • Når søknad er motteken vil tildelingskontor ta kontakt for avtale om heimebesøk eller samtale.
  • Dersom det oppstår akutt behov for nødvendig helsehjelp vil hjelpa verta sett i gang og kartlegging vil verta utført etterpå. Vedtak vert fatta så snart som mogeleg.
  • Brukar får beskjed seinast same dag dersom avtalar må endrast.
  • Tenesteytar vil samarbeida med brukar om utføring av tenesta.
  • Tenesta vert organisert på ein slik måte at det vert freista å ha færrast mogeleg tenesteytarar, det vil sei primærsjukepleie.
  • Alle som mottar helsetenester i heimen ein gang i månaden, i meir enn 3 månader har rett til fri tannbehandling ved offentleg tannklinikk. Personar med rusavhengigheit har rett til tannbehandling ved offentlig tannklinikk.
  • Personalet har ikkje høve til å ta i mot personlege gåver. 

Kva må du gjera?

  • Søkja tildelingskontoret om tenesta.
  • Gjera seg kjend med innhaldet i vedtaket.
  • Brukar må vera tilstade i heimen for å ta i mot tenesta. Det er ein føresetnad at brukar gir beskjed dersom han/ho ikkje er heime til avtalt tid.
  • Når brukar mottek tenester i heimen vert heimen automatisk tenesteytar sin arbeidsplass. Det vert forventa at brukar bidreg til å skape ein god arbeidsplass for tenesteytar jf. vedtektene i arbeidsmiljølova.
  • Det er brukar sitt ansvar at heimen er utstyrt med nødvendig og tilpassa utstyr for eksempel neglesaks, toalettsaker og temperaturmåler til utføring av arbeidsoppgåvene.
  • Brukar må sørgja for at vegen er framkomeleg og trygg uansett årstid.
  • Det må vera lys utandørs slik at det er lett å finna fram.
  • God hygiene er viktig for både brukar og tenesteytar. Det skal det vera flytande såpe og tørkepapir tilgjengelig.
  • Nødvendig tilrettelegging i bustaden må aksepterast, f.eks. hjelpemidlar og ommøblering.
  • Når det vert søkt om bistand til å administrere medisin må brukar samtykkja til at medikamenthandteringa føregår i samsvar med ”prosedyre for legemiddelhandtering til heimebuande”.
  • Forståing for at akutte situasjonar kan oppstå slik at oppdrag kan verta utsatt.

Oppgåver som IKKJE inngår i tenesta

  • Brukar som treng akutt medisinsk/kirurgisk og psykiatrisk behandling, skal visast til spesialisthelsetenesta.
  • Fylgje til lege og korttidsopphald på sjukeheim.
  • Skyss/ transport i bil.
  • Alkometer.

Kva kostar det?

Det er ikkje eigenbetaling for helsetenester i heimen. Slik søker du:

  1. Last ned søknadsskjema om helse- og omsorgstjenester (PDF, 721 kB)
  2. Beskriv behovet ditt for hjelp
  3. Send inn søknadsskjema til tildelingskontoret i vanlig post.

 

Sist endra 27.11.2014
Fann du det du leitte etter?
Login for redigering