Heimeteneste

nord kompr.jpg - Klikk for stort bilete

For at du skal kunna fungera best mogeleg i eigen heim til trass for omsorgsbehov, tilbyr kommunen tenester som heimehjelp, heimesjukepleie, ulike hjelpemiddel, levering av middag og førebyggande heimebesøk.
 
I Voss kommune er heimetenesta hovudsakleg organisert etter dei geografiske områda Vest, Aust og Nord. Dei vert administrert frå institusjonane i dei ulike områda, dvs. Voss sjukeheim, Vetleflaten omsorgssenter og Vossestrand omsorgssenter. Kommunen tilbyr også tenester i heimen innan psykiatri og ved rusavhengigheit. Heimetenester omfattar hovudområda: heimesjukepleie og praktisk bistand/heimehjelp.


For å få heimeteneste må du senda søknadsskjema til Tildelingskontoret. Skjemaet finn du i menyen til høgre.

Fann du det du leitte etter?
 
Login for redigering