Helse og omsorg

Me leverer tenester som sjukeheimsplassar, heimetenester, bustadtilbod, sosialhjelp og andre omsorgs- og sosialtenester. Vår målsetjing er å: 

Levera tenester av god kvalitet gjennom kompetente medarbeidarar og brukardeltakingtusja_3 kompr.jpg - Klikk for stort bilete


All tenesteyting skal ta utgangspunkt i den enkelte sine ressursar og mogelegheiter for aktiv deltaking, og føra til at brukaren beheld eller får att størst mogeleg grad av eigenmestring. Tenesteytarane våre skal bidra til stimulering av eiga læring, motivasjon, auka funksjons- og meistringsevne, likeverd og deltaking for tenestemottakarane. Prioriteringane og utviklingsarbeidet vårt er tufta på dei generelle utviklingstrendane for denne sektoren, samt intensjonane i samhandlingsreforma.

Viktige fokusområde er

  • utvikling av heilskaplege tenester på tvers av tenesteområde
  • tidleg innsats og tverrfagleg samarbeid
  • brukartilpassa tenester i skjeringspunktet mellom samordna og spesialiserte einingar
  • førebyggande helsetiltak i samarbeid med andre offentlege og private aktørar, samt frivillige 

Kommunalsjef for helse og omsorg heiter Kjersti Nordanger.

 

Fann du det du leitte etter?
Artikkel (1)
 
Login for redigering