Utekontakten

Utekontakten arbeider førebyggande blant born og unge i Voss kommune. Arbeidet er tufta på grunnprinsippet om at hovuddelen av arbeidet skal skje i form av oppsøkjande arbeid på stader der ungdom er samla på fritida.   

Størstedelen av arbeidet skjer på kveld og i helger. Utekontakten er såleis kanskje det viktigaste sosialfaglege tilbodet til ungdom som elles ikkje vil oppsøkja det kommunale hjelpeapparatet innanfor ordinær kontortid. Utekontakten samarbeider med ulike kommunale etatar, samt politi, vidaregåande skule, helsetenester, frivillige organisasjonar med fleire. Utekontakten har kontor i Ungdomshuset Voss.

Kontakt:

Utekontakten kan nåast på fylgjande mobilnummer: 
 
952 15 630
413 07 702
905 26 906
 
 
 
 
 
Fann du det du leitte etter?
Eksterne lenker
 
Login for redigering