Uroar du deg for eit barn?

10 spørsmål og svar om å melda til barnevernet

 

Mange er i tvil om når det er riktig å melda frå til barnevernet. Det kriminalitetsførebyggande råd (KRÅD) har utvikla 10 spørsmål og svar for å hjelpa deg  som uroar deg for eit barn.

 

1. Når bør eg melda frå til barnevernet?

Uroar du deg for eit barn?  Trur du foreldra ikkje klarar å ta godt nok vare på barnet? Då bør du melda frå til barnevernet.
 

2. Korleis kan eg vita om det er alvorlig nok?

Er du uroa, skal du melde frå uansett. Din melding kan vera svært viktig for barnet det gjeld. Det er barnevernet si oppgåve å vurdera alvoret og om hjelp er nødvendig. 
 

3. Kven skal eg snakka med i barnevernet?

Du kan ringa eller skriva eit brev til barneverntenesta i din kommune. På kveldstid kan du kontakta barnevernsvakten der den finns – eller ringa gratis til den landsdekkande Alarmtelefonen for barn og unge (tlf. nr. 116 111). Då blir bekymringa di formidla vidare til barnevernet der barnet bur.
 

4. Kva skjer når eg melder ein bekymring til barnevernet?

Sakshandsamaren skriv ned det du fortel. Innan ei veke avgjer barnevernet om dei skal setta i gong ei undersøking eller om meldinga skal leggast bort. Ei undersøking varar vanlegvis ikkje  lengre enn tre månader.
 

5. Kva kan barnevernet gjera for å hjelpa barn, unge og familiar?

Barnevernet foreslår hjelpetiltak som vil gjera situasjonen betre for barnet. Dei fleste barna (8 av 10) får hjelp heime hjå foreldra. Hjelpa kan for eksempel vera råd og rettleiing, barnehageplass, støttekontakt, besøksheim eller tilsyn i heimen. I enkelte saker får barnet plass i fosterheim eller på institusjon.
 

6. Må eg alltid seia namnet mitt?

Nei, du kan velja å vera anonym. Barnevernet må informera familien om innhaldet i meldinga. Foreldra vil då ofte forstå kven som har meldt i frå. 
 

7. Får eg beskjed dersom saka vert henlagt?

Nei. Barnevernet har taushetsplikt. Det er annleis for tilsette i for eksempel skole eller barnehage. Dei har krav på tilbakemelding på om det vert sett i gang tiltak eller ikkje.
 

8. Tida går og eg er framleis uroa: Bør eg ringa ein gong til?

Ja. Du får ikkje vita kva barnevernet har gjort sidan sist du ringte. Om du fortsatt er bekymra, er det likevel viktig at du tar kontakt og fortel kvifor.
 

9. Kan eg bli nøydt til å vitna i retten eller fylkesnemnda?

Du kan bli kalla inn som vitne. Du har i så fall plikt til å møta og fortelja kvifor du har vore bekymra.
 

10. Kvar finn eg ut meir om barnevernet?

Du kan lesa meir om kva slags hjelp barnevernet tilbyr på desse nettstadane:
 
Sist endra 09.04.2015
Fann du det du leitte etter?
Artikkel (1)
 
Login for redigering