Born og unge

Meiningsfylte fritidsaktivitetar er vesentleg for barn- og ungdom si utvikling. Det finst om lag 500 friviljuge lag og organisasjonar på Voss, så mangfaldet er stort og valfridomen er stor. I tillegg til aktivitetar gjennom lag og organisasjonar, har Voss kommune ei rekkje tilbod til born og unge:  

5543719049_d798412fab_b.jpg - Klikk for stort bilete Erik Østlie

 

"Gryto" er ein kommunal ungdomsklubb som held til i kjellaren Sosialbygget.  Ungdomshuset er ein uformell møtestad for ungdom frå vidaregåande skule og oppover.

 

Kvart år vert det arrangert Ungdommens kulturmønstring (UKM) på Voss. Her er det mogeleg å kvalifisera seg til fylkesmønstringa som igjen sender deltakarar til den nasjonale UKM-festivalen.

 

Utekontakten arbeider førebyggande blant born og unge i Voss kommune. Arbeidet er tufta på grunnprinsippet om at hovuddelen av arbeidet skal skje i form av oppsøkjande arbeid på stader der ungdom er samla på fritida. 

 

Kommunen tilbyr øvingslokale gjennom Voss kulturhus og musikkbingar på Bjørgum- og Skulestad skule. Rockerommet i kulturhuset er midlertidig stengt grunna flaumen.  

 

Er ein interessert i motoraktivitet er det mogeleg å vera med på Trialkøyring i Finnesteigen. Voss kommune har eige ungdomsråd.

 
Fann du det du leitte etter?
 
Login for redigering