Kontrollutvalet i Voss kommune

Kontroll.jpg - Klikk for stort bilete

 

Kommunestyret vel representantar til kontrollutvalet. Utvalet har 5 medlemmar og minimum eit av desse må vere medlem av kommunestyret. Medlemmane og varamedlemmane kan ikkje vere representerte i andre politiske utval.

Utvalet er heimla i kommunelova §77  og Forskrift om kontrollutval

Oppgåver:
Kontrollutvalet fører tilsyn med den kommunale forvaltninga på kommunestyret sine vegne. Kontrollutvalet har som hovudføremål å medverke til ei ålmenn tillit i befolkninga, i høve best mogleg løysing av kommunale oppgåver. Vidare at den kommunale oppgåveløysinga er i samsvar med gjeldande lover og forskrifter. Utvalet skal også sjå til at kommunen har ei forsvarleg revisjonsordning. Sekretariatsfunksjon for kontrollutvalet, kan ikkje leggast til kommuneadministrasjonen, eller til revisjonen.

Voss kommune har avtale med Indre Hordaland Revisjonsdistrikt om revisjonstenester. Revisjonstenestene omfattar rekneskapsrevisjon, forvaltningsrevisjon, selskapskontroll i selskap som kommunen har eigarinteresser i, og andre kontroll- og tilsynsoppgåver i regi av kontrollutvalet.

Voss kommune kjøper sekretariatstenester for kontrollutvalet hjå Sekretariat for kontrollutvalet  i Hordaland fylkeskommune.

Sekretariatstenestene omfattar mellom anna saksførebuing for kontrollutvalet, møteinnkalling og saksoppfølging etter møter. Døme; føring av møteprotokoll og iverksetjing av vedtak. Sekretariatsfunksjonen for kontrollutvalet er direkte underlagt kontrollutvalet. Dei pliktar å følgja utvalet sine retningslinjer og pålegg. Henvending til sekretariatet for kontrollutvalet i Voss, kan sendast til kontrollutvalet@hfk.no.

Kontrollutvalet har normalt 6 ordinære møter i året.

Møta i kontrollutvalet er opne. Du finn medlemmer, varamedlemmer, møteinnkallingar og møteprotokollar i oversikt.

Sist endra 06.09.2016
Fann du det du leitte etter?
 
Login for redigering