Søk tilskot til piggfrie dekk, el-sykkel eller ny omn

Vedomn.jpg - Klikk for stort bilete

 

Miljø- og kulturutvalet i Voss kommune har vedteke klima og miljøtiltak for 2017. Dei er som fylgjer:

 

Tilskot til fjerning av vedovnar, oljeovnar og oljetankar

Miljø- og kulturutvalet i Voss kommune har vedteke at det skal vidareførast ei tilskotsordning for fjerning av gamle vedovnar, oljeovnar og oljetankar i Voss kommune. Tilskotssatsen er kr. 3000 pr. ovn el. tank. Søknadsskjema vedovn (PDF, 107 kB)

Søknadsskjema oljeovn (PDF, 107 kB)

Søknadsskjema oljetank (PDF, 107 kB)

 

Tilskot til kjøp av El- sykkel

Som ein del av Voss kommune si satsing på klimatiltak vil kommunen i 2017 gje tilskot til kjøp av EL-sykkel til innbyggjarar i Voss kommune. Tilskotssatsen er kr. 3000 pr. sykkel.
Søknadsskjema elsykkel (PDF, 106 kB)

 

Tilskot til kjøp av piggfrie vinterdekk for personbil

For å betra luftkvaliteten i sentrum vil Voss kommune  i 2017 gje tilskot til kjøp av nye piggfrie dekk til innbyggjarar i  kommunen. Tilskotssatsen er kr. 2000 pr. 4 dekk, dersom brukte  piggdekk blir innlevert ved kjøp av nye dekk.
Søknadsskjema piggfrie vinterdekk (PDF, 106 kB)

 

Felles for alle ordningane :

Ordningane  gjeld frå 20.03.2017 og så langt tilskottet rekk, og  kun for 2017. Interesserte kan og få søknadsskjema på kommunen sitt Servicetorg. Skjemaet må personleg leverast i servicetorget og vert då påført eit nr. som vil bli lagt til grunn ved prioritering av søknaden (første mann til mølla prinsippet). Dokumentasjon for kjøp/ innlevering må framleggjast før utbetaling kan skje.

 

Sist endra 20.03.2017
Fann du det du leitte etter?
 
Login for redigering