Skogskadar etter uveret "Urd"

Skogbruk - Klikk for stort bilete Bjørn Hystad

Etter stormen Urd i 26. desember, ynskjer Fylkesmannen i Hordaland å klarleggje om det er skadar på skog og omfanget av skaden. Kommunen ynskjer difor informasjon frå skogeigarar som har skader på skogen som følgje av vind.

 

 

 

 

Det er i hovudsak større skader som er aktuelt å rapportera inn, med dette menes det større grupper av vindfall på meir enn 0,5 dekar ( heile eller delar av bestand).

 

Me oppfordrar alle til å ta ein tur i skogen sin og sjå om du har fått skogskader/vindfall som det er trong for å rydda opp i. Me ber samstundes at de som har skogskader gir tilbakemelding til kommunen, så me kan bringe dette vidare til Fylkesmannen i Hordaland.

 

Dei som har skogskadar og har skogforsikring må hugse å melde i frå om dette til forsikringsselskapet.

 

Vi understrekar at hogst av vindfall er risikofylt arbeid og det er viktig at skogeigarar søkjer profesjonell veiledning eller leiger arbeidskraft ved ei eventuell opprydding for å unngå personskade.

 

Har de spørsmål eller lurer på noko, ta kontakt med skogbrukssjef Bjørn Hystad på tlf. 56 52 32 78 eller på mail: bjorn.hystad@voss.kommune.no

 

Sist endra 03.01.2017
Fann du det du leitte etter?
 
Login for redigering