Pålagt feiing av fritidsbustader

Pipebrann - Klikk for stort bilete

 

Tidlegare var det opp til kvar kommune om feiing og tilsyn skulle gjelda fritidsbustad eller ikkje. Ny forskrift pålegg no kommune å feia alle hus og hytter som har eldstad.

 

Hytteeigarar i Voss har no fått eit informasjonsskriv, som du kan lesa ved å klikka her (PDF, 21 kB), eller i menyen til høgre. Voss kommune ber om at dei som ikkje har eldstad i hytta, gir melding om dette til kommunen, skriftleg. Det kan gjerast gjennom e-post til postmottak@voss.kommune.no. Hugs gards- og bruksnummer på eigedommen det gjeld.

 

Ofte stilte spørsmål - feiing og tilsyn på hytter (PDF, 570 kB)

 

Voss kommune har i dag omlag 3200 hytter og fritidsbustader, noko som gjer at talet på pipar som skal feiast aukar til 7500. Det gjer at Voss brannvern må tilsetja to nye feiarar for å fylgja opp den nye forskrifta. Finansiering av dette vil vera gjennom endring av feieavgift for eigarar av fritidsbustader.

 

Feiar skal ha trygge arbeidstilhøve ved feiing og tilsyn. Kva eventuelle tiltak som må på plass på den einskilde  fritidsbustad vil verta vurdert for kvart tilhøve. Eigar eller representant for eigar må vera til stades under feiing og tilsyn, også fordi det ligg ein stor informasjonsdel i arbeidet med feiing og tilsyn.

 

Voss brannvern vil starta opp med feiing og tilsyn av fritidsbustader i 2017, og har som mål å gjennomføra 500 tilsyn i løpet av neste år. Eigarar vert kontakta på same måte som ved feiing av bustadhus.

 

Sist endra 03.02.2017
Fann du det du leitte etter?
 
Login for redigering