Kurs for skogbrukarar - Smart bruk av skogfond

Skogfond.jpg - Klikk for stort bileteSkogfond.jpg

Skogfond er eit svært gunstig verkemiddel for skogeigarar. Ved rett bruk av fondsmidlane, aukar nettoinntekta og lønsemda av investeringane monaleg. Kurset tek føre seg korleis skogeigarane best mogeleg kan setje av pengar i fondet, og er soleis midt i blinken for dei som driv eller planlegg tømmerhogst. 

 

Kursinstruktør: Rolf Erling Loe, Skogbrukets Kursinstitutt

Tid: Onsdag 01.03.17 kl 18.00-22.00
Stad:
Voss Tinghus – Inngang frå Skulegata, mot sosialbygget (tidlegare posten)

Kurspris:
kr. 770,- for skogeigarar og andre innanfor landbruket (faktura vert tilsend)
Kvar skogeigar kan få dekka kurset med skogfond.

For meir informasjon, sjå www.skogkurs.no/kurs

Kursansvarleg: Vaksdal/Modalen og Voss kommune og med tilhøyrande skogeigarlag.

Spørsmål kan rettast til Bjørn Hystad; bjorn.hystad@voss.kommune.no, tlf . 90998071 eller - Tore Henrik Øye; tore.henrik.oye@vaksdal.kommune.no, tlf . 91127337

Påmelding innan fredag 24. februar.

Sist endra 09.02.2017
Fann du det du leitte etter?
 
Login for redigering