Barnehageopptak 2017/2018 søknadsfrist 1.mars

Vinterleik - Klikk for stort bilete

Barnehageopptak 2017/2018
 

Søknadsfrist 1.mars

Søknadsfrist til hovudopptaket til barnehageplass er 1. mars 2017.  Har du søkt plass tidlegare treng du ikkje søkje på nytt. Hovudopptaket gjeld ledige plassar frå august 2017. Søknader som er med i hovudopptaket er barn med lovfesta rett til plass.

 

Lovfesta rett
Lovfesta rett betyr at

  • Barnet må ha fylt eitt år innan utgangen av oktober 2017
  • Det må væra søkt om barnehageplass innan 1. mars 2017
  • Barn som fyller eit år innan utgangen av august, har rett på plass frå august månad. Barn som fyller eit år i september eller i oktober har rett på plass frå den månaden barnet fyller eitt år.

Rett på plass for barn født i november

I behandlinga av statsbudsjettet for 2017 har Stortinget fatta vedtak om at barn født i november skal få rett til barnehageplass frå den månaden barnet fyller eitt år. Utvida rett til barnehageplass er føreslått å gjelda frå hausten 2017. Dersom lovforslaget blir vedtatt våren 2017 må foreldre/føresette med barn født i november og som ønskjer barnehageplass frå hausten 2017, også søkje om plass innan 1. mars 2017.

Retten til barnehageplass er innfridd når du mottar tilbod om plass i ein barnehage i bustadkommunen.

Hovudopptaket pågår frå 2. mars til og med 1. mai. I den perioden kan du ikkje endre på søknaden. Søknader for barn som ikkje fyller kriteria for lovfesta rett til barnehageplass, blir behandla dersom det er ledige plassar i kommunen etter 1. mai 2017.
 

Stadfesting av barnehagesøknaden.

For å ha ei best mogeleg oppdatert søkjarliste til hovudopptaket vil alle foreldre/føresette som ønskjer byte av barnehage eller type plass, motta ein e-post frå Voss kommune i veke 5  med melding om å stadfesta barnehagesøknaden. For å stadfesta  barnehagesøknaden må ein vera innlogga i søknadsportalen. Stadfesting av barnehagesøknaden må gjerast innan 1. mars.
 

Klausabakken barnehage.

Klausabakken barnehage opnar hausten 2017 og barnehageplassane i Hagahaugen/Lundhaugen barnehage  blir overført til Klausabakken barnehage. Står ein som søkjar til ein av desse to barnehagen vil søknaden bli vurdert som søkjar til Klausabakken barnehage. Dersom ein ikkje ønskjer plass i Klausabakken må ein endre barnehagesøknaden innan 1. mars 2017.
 

Prioritet
Du kan søkje prioritet til barnehageplass i tråd med gjeldande kriterier. Då må du sende gyldig dokumentasjon til:

Voss kommune v/Kommunalavdeling oppvekst, postboks 145, 5701 Voss innan 1. mars.
 

Søknadsportalen

Søknadsskjema ligg i høgremeny her  
 

Innlogging til portalen skjer via ID-porten. Ein treng ikkje vere innlogga for å søkje om barnehageplass.
 

Kommunalavdeling oppvekst

 

Oversikt over ulike typar plassar (DOC, 70 kB)

 

Sist endra 16.02.2017
Fann du det du leitte etter?
 
Login for redigering